Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Medlemsmøte Gloppen Hotell

Notat og bilde frå medlemsmøte 02.06.21

Anders Kvernvik imponerte med god musikk

Anders Kvernvik imponerte med god musikk

Nils Gjerland - leiar Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane

Nils Gjerland - leiar Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane

Notat frå medlemsmøte i Gloppen Pensjonistlag 02.06.21.

Då klokka runda 17.00 kunne leiar Jon Gimmestad ønske 28 påmelde medlemar velkomne til juni møte.

Fyste post på programmet var informasjon om trygde/pensjonsoppgjeret 2021 med direktesending på web frå Oslo ved seniorrådgjevar Sindre Farstad i Pensjonistforbundet. Årets trygdeoppgjer er eit av dei beste oppgjer pensjonistane har oppnådd på fleire år, men det stridast om metoden regjeringa og pensjonistforbundet har brukt ved utrekninga av prosenttillegget. Med løfte om fleirtal i regjeringa vert årets vekst 3,83 prosent

Neste post på programmet var innlegg av banksjef Odd Kjetil Tonning i Sparebanken Sogn og Fjordane om digitalisering av bank tenester.

Han kunne trøste dei som hadde frykta at all pengebruk blir digitalisert, at kontante pengar fortsatt blir betalingsmiddel.

I korona tida vi har vore inne i, har banken hatt kun ope etter avtale, og då har kundesenteret med kunderådgjevarane vore spydspissen for banken.

Bank ID er vår personlege signatur, som kan brukast i mange samanhengar og er viktig å verne om.

Nils Gjerland - leiar pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane og hadde eit greitt innlegg om arbeidet i fylkeslaget og kva som står på programmet framover.

Mellom anna er pensjonistforbundet opptatt av at tannhelse må kome inn under same ordning som alle dei andre helsetenestane.

Reforma «Leva heile livet» er ei viktig reform som pensjonistforbundet jobbar med.

I tillegg er det viktig å få minstepensjonistane over fattigdomsgrensa og at pensjonistane må få tilbake forhandlingsretten.

Matpause med kaffi, karbonadesmørbrød og kake vart fortært ilag med god søg samt sal av lyn lotteri.

Siste post på programmet var musikkinnslag av Tone og Henrik frå distrikts-musikarane, samt Anders Kvernevik (12år) på fiolin.

Det er kjekt å høyre kvalitetsmusikk frå lokale aktørar, og innslaget frå Anders Kvernevik viser at det gror godt i musikkmiljøet i Gloppen.

Før vel heim opplyste Jon om komande møter og program i 2021: 

«Lønsjkonsertane” på Gloppebua framover – 27.08, 24.09, 29.10, 26.11 og 17.12. Senioruniversitetet i kinosalen – 08.09, 13.10, 19.11 og 08.12.

Tur komiteen jobba med dagstur i haust.

Odd Eide Sekr.