Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Medlemsmøte 11.januar 2023

Referat

100-årsjubilanten Elise Almås får overrakt blomster og gratulasjonar

100-årsjubilanten Elise Almås får overrakt blomster og gratulasjonar

Glimt frå ein fullsatt sal.

Glimt frå ein fullsatt sal.

Ordførar Eva Hove orienterer om Fjord kommune sin kommuneplan - samfunnsdelen.

Ordførar Eva Hove orienterer om Fjord kommune sin kommuneplan - samfunnsdelen.

Seniordansarane svingar seg på scena.

Seniordansarane svingar seg på scena.

Årets første medlemsmøte vart halde på Grendasalen den 11. januar kl. 14.00.  Grendasalen fyltes etter kvart opp og kjekt var det å sjå at ialt 72 personar møtte opp.

Til opning sang vi vår tradisjonelle opningssang «Sangen til bygda» samtidig som Seniordansen svinga seg så lett og glad på scena – Ein fin opplevelse. 

Før ein gjekk vidare på programmet, minnes vi mangeårig medlem  Lars Stavseng, som har gått bort sidan sist vi hadde medlemsmøte. Vi tente lys og held eitt minutt stillheit .

Ord for dagen vart halde av Knut Hove, som las prolog av Tore Holt - ein prolog som vart framført på bondefesten i Stordal i 1932.  Ein fin prolog som heilt sikkert gav ettertanke den tida mellom 1. og 2. verdenskrig.  

Så var det ordførar Eva Hove som gav oss ei utfyllande orientering om Kommuneplanen i Fjord kommune som består av 2 deler:

-         Samfunnsdelen: Denne delen inneheld dei langsiktige hovudmåla, både som samfunn og organisasjon

-         Arealdelen: - Denne delen skal vise kva ein skal bruke arealet til, f.eks. bustad, næring, grøntanlegg, turstiar m.m. 

Med tanke på Samfunnsdelen sine 4 hovudmål - har  innbyggjarane  i alle aldersgrupper i kommunen vorte oppmoda til å kome med innspel/tankar om kva som kan gjerast for å støtte desse hovudmåla.

Ønskje som kom igjen frå absolutt alle aldersgrupper,  var spesielt retta mot eitt av måla « Vidareutvikle det gode liv». – det var ønskje om: -Sosiale møteplassar i alle bygdene, - treffpunkt på tvers av bygdene, - trim, aktivisering og underhaldning på institusjonane, - gang- og sykkelstiar m.m..

Ordføraren tok fram at kommunen kan ikkje gjere dette åleine, - kor viktig det er med frilivillig hjelp frå lag og organisasjonar, både med tanke på det økonomiske og gjennomføring av ymse tiltak. 

Som avslutning på dette programinnslaget, framførte Bjørnar Midtbust sin sjølvdikta sang  med tittel og melodi «Har du fyr» Som takk for deira innslag, overrakte leiar kvar sin blomsterbukett til dei.

Repr frå Sparebanken Møre skulle egentleg vere tilstades og orientere om Nettsvindel. Men under møtet fekk ein melding om at dette programinnslaget ikkje vart aktuelt pga mykje sjukdom blant dei tilsette,  Dei beklaga dette sterkt, og lover å kome tilbake på eit seinare medlemsmøte. Dette er eit aktuelt tema som mange har interesse av å få orientering og tips om. 

Etter ny oppvisning av Seniordansen og nokre fellessangar, fint kompagnert av Fylling og Skrove , var det tid for kaffikos med god prat. Kjøkkengjengen serverte gode snittar og gjærkringle som gjekk unna.

Ein trufast og mangeårig medlem i pensjonistlaget vårt er Elise Almås. Den 16. februar vert ho heile 100 år ! Ein fantastisk flott jubilant med godt humør og sprek som få. Frå pensjonistlaget v/leiar Ann Elise Dyrkorn fekk ho overrakt blomster. Vi sang gratulasjonssangen med ståande applaus og ønskjer Elise lykke til med jubileet og at ho får mange gode år enno framover.

Under kaffipausen var det som vanleg åresal. Trepinnane med nummer forsvant fort, og vinnarane fekk etterkvart gevinstane sine.   

Elles var det mykje sang og musikk. Praten og latteren høyrtes i salen – tydeleg at å kome saman og ha det sosialt er noko som vert sett pris på.

Takk til Seniordansen med sine opptredenar og takk til musikarane Fylling og Skrove, som underheldt oss med sin fine musikk og små morsomme historier gjennom heile møtet.

Leiar avslutta eit vellukka medlemsmøte ved å ønskje alle vel heim, samtidig som ho orienterte om årsmøtet som skal vere i februar.

Heilt til slutt sang vi «La oss leve for hverandre».

NVB

sekretær