Publisert 7. apr. 2022, kl. 09:55
Sist redigert 8. apr. 2022, kl. 06:08
Sola skein frå ein skyfri himmel, - det var vår i lufta i dag. Det var mange som hadde funne vegen til medlemsmøtet denne gongen, ca 54 stk
Leiar Ann Elise Dyrkorn ønskja alle hjerteleg velkomne. Særleg ønska ho spelemennene Lars og Jostein Frostad, sangar Jostein Maude og Bjørg Jacobsen velkomne.
Til opning sang vi den velkjente sangen vår - «Sangen til bygda», med god hjelp av trekkspel, gitar og forsangar.
Deretter tente vi lys og hadde 1 minutt stillhet for å minnes avdøde medlem Jytte Holtleite.
Ord for dagen vart framført av Knut Hove – Diktet «Aa kunde du… » eit dikt skrive av Klara Josefine Seljehaug (1896-1963) Knut gav også ei utfyllande opplysning om diktaren og hennar livshistorie. Sjølv om ho i 1924 reiste til Voncouver, var Stordal alltid heimstaden hennar. Einaste gongen ho var heime i Stordal var i 1948.
Før leiar gjekk vidare på sakene som skulle behandlast, sang vi : «Sangen til Liabygda»
Rekneskapen 2020./2021
Rekneskapen for ovannemnde år blei ikkje ferdigbehandla på årsmøtet den 23. februar. Årsmøtet gav derfor fullmakt til f.k. medlemsmøte å behandle/godkjenne rekneskapen for åra 2020 og 2021
Rekenskapsoversiktene var oppkopiert og lagt ut på borda, i tillegg las Ottar Røren opp alle punkta i oversikta
Det vart opna for spørsmål og kommentarar til rekneskapen.
Ingen merknad – og rekneskapen for 2020 og 2021 vart såleis godkjent.
Val av valnemnd
Etter fullmakt frå årsmøtet den 23. februar, har medlemsmøtet fullmakt til å velge ny valnemnd for perioden 2022-23.
Følgjande personar vart valde med applaus:
Norma Rødset, Knut Hove og Reidun Røvreit Talberg.
Dagleg leiar Stordal frivilligsentral, Bjørg Jacobsen, orienterte deretter om Sykkelturen 2022 «Mer aktivitet, mer glede». 2022 er som kjent Frivillighetens år, og fleire organisasjoner samarbeidert om ein sykkeltur gjennom heile landet. Turen går frå Nordkapp til Arendal i tida 21. mai til 15. august. Ambassadør er Dag Otto Lauritzen (godt kjent frå forskjellige TV-program) - Butikkjeda Joker er generalsponsor. Hovudmålet med sykkelturen er å sette lys på meirverdien av å føle seg til nytte i samfunnet, og oppleve gode relasjonar i kvardagen.
I Fjord kommune vil dette bli arrangert 16. juni, , delt opp i 3 etapper. Den første etappen starter ved foten av Trollstigen, så til Valldal og vidare til Stordal. Sykkeletappen i Stordal starter ved Øvrebust bru
og til Allmenningen i sentrum. Frivilligsentralen er oppfordra til å skape eit mangfald av aktivitetar på tvers av generasjonar, kulturar og samfunnslag langs ruta. Dette blir nok veldig bra.
Bjørg Jacobsen oppfordra til å melde seg på å sykle. Alle syklane er elektriske, og blir frakta mellom slutten og begynnelsen av kvar etappe. Ho opplyste vidare at Pensjonistforbundet har sponsa ein av syklane.
Ho nemnte også heilt avslutningsvis om Utstyrsbasen ved Frivilligsentralen, der mykje utstyr kan lånast gratis .
Dagsturen i år går til Nordøyane den 10.juni Program var oppkopiert og lagt ut på borda til orientering. Påmeldingsliste blei sendt rundt.
Så var det tid for mat og kaffi. Kjøkkengjengen serverte flotte gode smørbrød, gjærkringle, bløtkake og praten gjekk livlig rundt borda – høyrdes ut som alle kosa seg.
Åresalet gjekk fort unna, Det ligg alltid ei lita spenning over stunda med trekking – det er jo kjekt å vinne .
Frostad`s og Maude underheldt med livlig sang og musikk/allsang. Innimellom fortalde Maude morsomme historier frå tida han var organist her i Stordal, så vi fekk oss mang ein god latter.
Til slutt takka leiar for frammøtet, ønska alle vel heim , bad oss ta godt vare på kvarandre og ønska oss alle ei riktig god påske!
Medlemsmøtet vart avslutta med sangen «La oss leve for kvarandre…»
NVB
referent
spelemennene Lars og Jostein Frostad, sangar Jostein Maude.