Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Marsmøtet

Det var fullt hus og god stemning på Bakkola onsdag 22. mars.

Det var fullt hus og god stemning på Bakkola onsdag 22. mars.

Over seksti personar møtte fram. Programmet var innhaldsrikt med både alvor og humor.

Leiaren ønskte velkommen og fortalde frå årsmøtet i fylkeslaget som i år var i Kristiansund. To frå styret reiste dagen før med Timeexpressen. Det var ein av dei dagane det lava ned med snø, især i ytre strok. Vi traska i 30 cm med snø i gatene fram til Thonhotellet i Storgata. Men det synte seg at det var på feil «lainn», Kirklandet, vi skulle til eit anna Thonhotell på «Innlainne». Vi måtte i båt for å kome dit, Sundbåten, som har gått i trafikk mellom «lainna» sidan 1876. Seinare i møtet refererte ho frå talen til Jan Davidsen, leiaren i Pensjonistforbundet. Dei viktigaste sakene dei arbeider no er trygdeoppgjeret, komande landsmøte og valet til hausten. Det er over 1 million pensjonistar i Noreg i dag, 70 % av dei er friske, bur i eigen heim og steller seg sjølve. Som andre borgarar betalar dei avgifter, moms og skatt. 15% bur også heime, men er brukarar av ymse tenester frå kommunen. Dei siste prosentane er dei som har behov for pleie og omsorg. Han minte oss også om den store innsatsen av frivilleg, ulønna arbeid av pensjonistar i landet. Og vi veit at det gjeld også Ørsta.

Astrid Synnøve Aambø heldt foredrag om «Det aldrande auget». Ho hadde budd seg godt og greidde ut om dei mest vanlege tilstandane i auga hos eldre folk. Med bilete på storskjerm og tekst snakka ho greitt og forståeleg om emnet. Til slutt fekk vi også vite om tunnelsyn. Vi hadde sett på Exit! Viss vi ønskjer meir info om dei ulike tilstandane, kan vi gå på heimesida deira der all informasjon er på nynorsk. Godt jobba Astrid og Marie.

Etter matpausen fekk vi trekkspelmusikk. Volda toradarlag varta opp med både vals, tango og reinlendar og song med i allsongen. Dei skrytte av den gode stemninga i møtelyden. Takk til musikarane frå Volda, vi tek gjerne eit gjenhøyr.

Heilt til slutt informerte leiaren om sommarturen i år. Den blir omtala og annonsert i Møre-Nytt. Og så er det berre å melde seg på.

EK