Leiar i Lesja pensjonistlag, Torunn Enstad, ønskte velkomen (foto Aud Einbu).
Publisert 13. juni 2023, kl. 09:02
Sist redigert 13. juni 2023, kl. 09:07
Det er berre tre parti som stiller til valg i Lesja, det er Arbeiderpartiet , Senterpartiet og Høgre. Til tross for at valgkampen ikkje er i gang enda, takka alle tre ja til invitasjonen til møtet 6. juni på Bjorliheimen.
Kvar av dei fekk 10 minutt til innleiing, og etterpå fekk dei frammøtte stille spørsmål om eldrepolitikken og tankane deira rundt den dei neste fire åra.
Møtet samla 60 interesserte, og det var styret i pensjonistlaget svært godt fornøgd med. Sidan eit slikt møte aldri hadde vore prøvd før, hadde vi høge skuldre før møtet. Men etter kvart som stolane i møtesalen vart fullsett, forstod vi at vi hadde satsa rett. Både medlemar og ikkje medlemar fylte salen.
Eldrepolitikk er nok ikkje det som står først på lista på kommunale møte. Etter at politikarane måtte førebu seg til dette møtet, vil vi tru dei oppdaga at seniorane er ein ressurs som samfunnet kan og bør, dra nytte av.
Eldrerådet er eit organ som kommunen og pensjonistlag kan samarbeide i. Dette samarbeidet er ikkje det beste i alle kommunar. På møtet fekk politikarane innspel frå salen om at det ikkje var heilt bra i Lesja heller, noko dei lova å rette på.
Vi fekk ein fin dialog med politikarane, det trur vi er svært nyttig for dei når dei skal starte i politikken til høsten.
Kandidatane: Ellen Sørumgård Syse frå Sp, Audun Holsbrekken frå Høgre og Marita Lindbom Skotte frå Ap (foto: Aud Einbu)