Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Lagstur til Sørhella

Årets gratisarrangement for medlemer i Lesjaskog pensjonistlag gjekk til Uppistugu Hågå-setra, Sørhella på Dalsida

Framafor selet på Uppistugu Hågå-setra. Til venstre verten, Anne Marie Lien Sønstebø.

Framafor selet på Uppistugu Hågå-setra. Til venstre verten, Anne Marie Lien Sønstebø.

Lesjaskog pensjonistlag starta haustsesongen med eit svært populært tilbod: besøk på Uppi-stugu Hågå-setra på Sørhella, som er ei svært gamal setergrend på Dalsida i Lesja. Her var styremedlem Anne Marie budeie i yngre år, og no inviterte ho heile laget til servering og historieforteljing. Turen vart organisert med privatbil-samkøyring, og vi var også svært heldige med veret, delvis sol og god temperatur gjorde det kjekt å rusle rundt på det velstelte setertunet.

Vi var i alt 30 av medlemene som hadde høve til å delta, og styret gjorde altså ein stor innsats, under leiing av Anne Marie, med matlaging, servering og opprydding.

Anne Marie stod for vaffelsteikinga, med god hjelp.

Anne Marie stod for vaffelsteikinga, med god hjelp.

Gjestene i opphaldsrommet i det gamle selet.

Gjestene i opphaldsrommet i det gamle selet.

Gjestene i 'Nystugu'.

Gjestene i 'Nystugu'.

Samlinga starta med servering av deilige rømmevaflar og kaffe. Vi fordelte oss på tre av opphaldsromma; to i det gamle selet og ei i det dei kalla 'Nystugu'. Det var og program, og da måtte vi prøve å samlast i eitt rom. Det gjekk bra når vi trykte oss saman med stolar og benker.

Medlemene samla i 'Nystugu'.

Medlemene samla i 'Nystugu'.

Viktigaste innslaget i programmet var ved Anne Marie sjølv. Ho fortalde levande og engasjert frå da ho kom som gardkjerring til Uppistugu Hågå midt på 1960-talet og vart med i den tradisjonelle seterdrifta som enno gjekk føre seg. Ho lærte av ei som hadde drive der i tiårsvis, og hadde stor glede av det. I mange år hadde ho så ansvaret sjølv, og lærte opp andre unge jenter som ville få eit innblikk i desse utgamle tradisjonane før dei forsvann.

Så gjekk det attende med den tradisjonelle drifta, men Anne Marie syntes det var for gale. Ho vidareutvikla derfor seterdrifta i småskalavariasjon med vidareproduksjon av råvarene, mjølka, som ho separerte til smør og ost på staden. Det kunne ho selje og servere til turistar og andre.

Og så vart det mat att, kjøtsuppe med loff, der vi kunne forsynes rikeleg og likevel vart mykje att. Men kakene og kaffen hadde vi likevel plass til!

Så hadde vi berre heimturen att, etter ei framifrå lagssamling. Kanskje kan denne turen takast opp att til neste år?