Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Kommunevalet. Paneldebatt om eldreomsorg i Sunnfjord Kommune

Pensjonistlaga i kommunen arrangerte paneldebatt om eldreomsorg i Sunnfjord kommune 22. august i år. Dei politiske partia stilte med sine ordførarkandidatar og var mellom anna bedt om å fortelle om korleis dei vil sikre kommunen sitt omdømme som eit aldersvennleg samfunn.

Eldgrim Fossheim leia paneldebatten på ein trygg og sikker måte. På podiet ser vi frå venstre Henrik Nordal(AP), Anne Kristin Lilleåsen(H), Jenny Følling(SP), Åsmund Berthelsen(SV), Gunn Merete Paulsen(V), Marcin Fojcik(KRF), Fridtjof Urdal(Rødt), Marius Dalin(MDG), Ove Håkonsen(FRP); Bjarte Buttedal(INP) og Bjørg Sølvi Svidal(Konservativt)

Eldgrim Fossheim leia paneldebatten på ein trygg og sikker måte. På podiet ser vi frå venstre Henrik Nordal(AP), Anne Kristin Lilleåsen(H), Jenny Følling(SP), Åsmund Berthelsen(SV), Gunn Merete Paulsen(V), Marcin Fojcik(KRF), Fridtjof Urdal(Rødt), Marius Dalin(MDG), Ove Håkonsen(FRP); Bjarte Buttedal(INP) og Bjørg Sølvi Svidal(Konservativt)

Leiar i Eldrerådet, Per Kjelstad, vart innleiingsvis intervjua av Eldgrim Fossheim om kva som er dei viktigaste spørsmåla som vi vil ha svar på når det gjeld eldreomsorg i kommunen. Kommunen som eit aldersvennleg samfunn med nok sjukeheimsplassar, rekruttering av kvalifisert personale til helse- og omsorg er viktige tema. I tillegg vil dei fleste bu heime så lenge det kjennest trygt, men korleis sikre institusjonsplassar når det ikkje lenger er situasjonen?

Ein fullsett sal i Festsalen i Førdehuset med eit engasjert publikum fekk høve til å stille spørsmål, mellom anna om økonomi, budsjett og bindingar som handlingsregelen legg på investering og drift, bustadpolitikk for eldre og bemanning i omsorgstenesta.

Alle ville bygge nye sjukeheimsplassar. Dei borgerlege partia ville at ny sjukeheim skulle stå ferdig i 2030, medan Arbeidarpartiet og SV vil forsere byggetida med raskare ferdigstilling. Bemanning var også eit sentralt tema i debatten der Arbeidarpartiet og SV var tydelegast på at grunnbemanninga innan helse og omsorg bør aukast i høve dagens nivå.

Debatten vart avslutta med at politikarane fekk ordet til ein sluttappell.