Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Julebord, Lesjaskog pensjonistlag

På Bjorli samlingshus 6. desember.

Klare for program og servering!

Klare for program og servering!

Lesjaskog pensjonistlag avslutta ein aktiv sesong med julebord tysdag 6. desember. Laget har månadlege møte, vanlegvis på Bjorliheimen, men denne gongen leigde vi Bjorli samlingshus. Medlemsmøta er opne for alle, men julebordet vart sponsa og vart avgrensa til medlemene.

Møtet starta med eit særskilt innslag, etter at leiar Torunn Enstad hadde ynskt velkomen. Lesja historielag hadde bede om å få nokre minutt til å heidre to av sine eldsjeler, som òg er medlemer i pensjonistlaget: Bjørg Nordset og Peder Bjorli. Dei gjekk ut av styre og stell i historielaget tidlegare i år, men hadde ikkje høve til å vere til stades og bli avtakka på årsmøtet. Da høvde det å gjere det nå, ved leiar Rolf Sørumgård og årbokredaktør Oddvar Romundset.

Før maten hadde Grete Marry Brøste funne fram og las det fine diktet Gåmål jul på Lesja av Audun Høgbrenna.

Så kom det rikeleg med julemat som vi kunne kose oss med ei god stund. Inn i mellom song vi kjende julesongar. Paul Gunnar Lien spelte attåt allsongen på el-piano.

Meir underhaldning fekk vi ved Jørgen Nørstegård og Magne Lønstad. Jørgen var tidleg aktiv med smalfilmkamera, og i nyare tid fått filmar digitaliserte slik at dei kan visast med moderne utstyr. Nå kom dei med ein som viste fesjået på oppstillingsplassen på Lesja (der barnehagen ligg nå) i 1972, som Magne kunne kommentere. Det var mange som kjente att både folka og det miljøet som var på slike arrangement.

Så vart det kaffe, kake og kviss med klassiske julespørsmål. Det vart ‘close race’ resultatmessig – gode resultat på alle bord!

Leiar i Lesja historielag, Rolf Sørumgård, takka Bjørg Nordset for innsatsen.

Leiar i Lesja historielag, Rolf Sørumgård, takka Bjørg Nordset for innsatsen.

Årbokredaktør Lesja historielag (t.h.) Oddvar Romundset takka Peder Bjorli for innsatsen.

Årbokredaktør Lesja historielag (t.h.) Oddvar Romundset takka Peder Bjorli for innsatsen.

Grete Marry Brøste las Gåmål jul på Lesja av Audun Høgbrenna.

Grete Marry Brøste las Gåmål jul på Lesja av Audun Høgbrenna.

Frå filmframsyninga.

Frå filmframsyninga.

Leiar Torunn Enstad gjekk igjennom julekvissen.

Leiar Torunn Enstad gjekk igjennom julekvissen.