Trude Drevland
Publisert 6. apr. 2021, kl. 11:32
Sist redigert 6. apr. 2021, kl. 11:32
Ordførar og Trude Dreveland vil opna arrangementet, og blant anna snakka om korleis vi kan skapa eit samfunn som er godt å leva og bu i for alle. Arrangementet vert avslutta med musikalsk innslag ved Endre Nordvik.
Eldrerådet og råd for personar med funksjonsnedsetjing inviterer deg som innbyggar til innspelsmøte 10. april. Kommunen arbeidar med samfunnsdelen til kommuneplanen, og her er det viktig for oss å få dine innspel om korleis vi kan bygga eit samfunn som er inkluderande for innbyggarar i ulike livsfasar og livssituasjonar. Dette handlar blant anna om:
- Korleis kan vi saman skapa eit samfunn som er inkluderande for alle, uavhengig av alder og helse?
- Kva treng du for å ha god livskvalitet i din kvardag?
- Korleis kan vi arbeida saman for eit godt lokalsamfunn?
- Kva skal til for at du vert meir engasjert i utvikla av Øygarden?
Påmeldingsfrist 8. april.
Takk for din påmelding. Du vil få tilsendt program og lenke til arrangementet til e-post adressa du har oppgitt. Dette vil du motta nokre dagar før arrangementet.
Her finn de informasjon om arrangementet og lenke til påmelding.
De kan også sjå arrangementet på kommunen sine Facebook-sider.