Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Haustkonferansen 2023

30 lokallag representerte på Haustkonferansen i Førde.

70 engasjerte representantar frå lokallagsstyra i Sogn og Fjordane deltok på haustkonferansen på Scandic Sunnfjord hotell denne veka. Konferansen vart opna av styreleiar Nils R. Sandal som sakka om to pilarar for arbeidet i Pensjonistforbundet: dei sosiale møteplassane og det politiske arbeidet.

Frå Penjonistforbundet sentralt deltok 2. nestleiar Bjørn Egeli. Han informerte om det nytt introduksjonsprogram, om eldrerådsarbeid og samarbeidsutval.

Helseutvalet frå venstre:  Solfrid Fossberg, Jan Nordeide, Kari Fismen og leiar Kjell Kjørlaug

Helseutvalet frå venstre: Solfrid Fossberg, Jan Nordeide, Kari Fismen og leiar Kjell Kjørlaug

Helseutvalet hadde eige forum på konferansen leia av Kjell Kjørlaug. Dei nytta også høvet i å ha møte i utvalet under konferansen.

HåkonThuland frå Sparebanken Sogn og Fjordane i samtale med Finn Sundby og Reidun Espeland

HåkonThuland frå Sparebanken Sogn og Fjordane i samtale med Finn Sundby og Reidun Espeland

Dag to var i heilheit via digitale tema. Håkon Thuland frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt foredrag om bankid, tryggleik, alternativ til bankid, og svindel skapet stort engasjement i salen og det var mange spørsmål og kommentarar.

Pensjonistforbundet har ulike tilbod for å bedre den digitale kompetansen til eldre. Frode Hoff og Karl Mangus Gudvangen infomerte om dei kursa: digital kommunikasjon og digitalt kontor og korleis dei arbeider for å skape eit godt læringsmiljø.

Seniornett og Pensjonistforbundet har ei samarbeidsavtale om Datastover, og har eigne midlar tilgjengeleg for å starte opp slike stover. Kjell Sandnes frå Førde Pensjonistlag snakka om korleis dei samarbeider med Seniornett og drift av datastova i Førdehuset.

Verving i Balestrand

Verving i Balestrand

Verving var eige tema på konferansen og medlem i verve- og organisasjonutvalet, Kjell Nygård, oppmoda laga om å setje i gang eigen verveaktivitet. "Ein pensjonist som ikkje er medlem er ein person som ikkje er blitt spurt."