Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Gloppen Pensjonistlag på besøk i Gloppen Kommune sin nye brannatasjon

Alt lagt til rette.

Lydhøyr forsamling

Lydhøyr forsamling

Brannsjef Kjell Aske orienterte, medan Jon Gimmestad dirigerte!

Brannsjef Kjell Aske orienterte, medan Jon Gimmestad dirigerte!

Referat frå Pensjonistmøte på Movia 20.09.22

Mange hadde sett fram til dette fyrste møte etter sommarferien.

Fyrste post var besøk på den nye brannstasjonen til Gloppen kommune i Mona.

Trass fint haustver var det likevel rundt 40 nyfikne personar som klokka 17:00 hadde sessa seg rundt brannbilar og brannutstyr i garasjen på stasjonen.

Jon ønskte alle velkomne til ein noko uvant oppmøteplass.

Han gav så ordet til brannsjef Kjell Aske, som på ein underholdande og interessant måte fortalte om brannforebygging og om kva vi skal/bør legge vekt på dersom brann oppstår i heimen.

I løpet av ein time,som gjekk fort, fekk vi både sjå og høyre om mange gode råd og tips. Dei som ville, kunne også få prøve slokkeapparat.

Etter ein liten spasertur til nabobygget, kunne Jon ønske alle velkomne til fint dekka småbord i kantina til Movia bygget.

Movia AS består av fleire einheiter som Movia formidling, Movia Utvikling og Movia Eigedom.

Jon orienterte litt omkring lags-saker og kva som vil skjer framover hausten.

  • Mellom anna er det møte i Sogn og Fjordane pensjonistforbund i Sogndal den 11 og 12 oktober der Gloppen Pensjonistlag stiller med 3 personar.
  • 22. november er det områdemøte på Sandane.
  • Oktobermøte den 18, blir på Gloppen hotell der Ove Eide vil fortelje om “Eidehøvdingen” og Austrheim mannskor stiller opp og vil underhalde med øvingskveld.
  • Dei to siste møta i år vert den 15. november og 13. desember på Gloppen hotell.
  • Det er under planlegging “middag- og dansekveld” på Gloppen hotell med musikk tilpassa vår aldersgruppe.
  • Jon ønskte også  “nye fjes” velkomne til møta våre.

Margunn Gloppestad vår, kasserar, fekk velfortjent bursdagsang frå heile forsamlinga under opptakt av Ragnar Andenæs.

Vi i styret ser og veit kva jobb Jon Gimmestad utfører for fellesskapet, noko vi og mange andre drar/har nytte av. 

På vegne av styret kunne Anne Henden overrekke ei lita blomster helsing som påminning om at vi set pris på styreleiaren vår og den jobben han gjer.

Sigtor Tveit orienterte om planlagt tur til Balestrand og Leikanger med kort påmeldingsfrist 30. september. Kjem annonse i Firda Tidend fredag 23. september.

Det er også under planlegging tur til Rørosmarknaden i februar 23. Kjem tilbake med meir omtale i oktobermøte

Karbonadesmørbrød med kake og kaffe smakte godt medan søgjen rundt borda og lynlotteriet pågikk

Så var det Bertine Aa sin tur. Ho framførte to fine melodiar på trekkspelet sitt med fortjent stor applaus.

Neste programpost var Rosebandet som framførte profesjonell og svingande musikk til ei lydhøyr forsamling.

Etter applausen og stemninga å døme, kunne dei fleste av oss forlenga denne herlege musikk stunda.

Etter at alle som hadde bidratt med program og servering hadde fått overrakt kvar si rose, kunne Jon takke for frammøte, ynskje alle vel heim og velkomne til neste møte 18. oktober.

Odd

Ref.