Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Gloppen Pensjonistlag - møte Gloppen hotell 21.11.23.

Medlemsmøte med 69 påmelde ilag med leiaren i Sogn og Fjordane Pensjonistforbund Nils R Sandal og Stardalen Mannskor.

Klar for fest!

Klar for fest!

NOTAT

Pensjonistmøte 21.11.23.

Denne tysdagen stod Gloppen hotell fram med fint dekka småbord til 69 påmelde. Juletreet var kome på plass, så vi fekk påminning om at jula er i anmars.

Kl 17.00 kunne leiaren Ragnar Andenæs ynskje alle medlemar og ikkje medlemar velkomne.

Første programpost stod Nils R Sandal, leiar i Sogn og Fjordane pensjonistforbund, for.

Som vanlig holdt han forsamlinga i ånde med god fortellarglede.Han tok før seg dette med å vere saman og føle seg trygge i lag.Til fleire vi er til sterkare står vi, noko som er viktig når godene i samfunnet skal fordelast.Saker som Pensjonistforbundet kjempar for er å få forhandlingsrett i lønnsspørsmål. Med dagens reglar, får minstepensjonistane stadig mindre å rutte med i forhold til dei som har god pensjon.Ei anna sak som har høg prioritet, er kvifor tannhelse ikkje er med i det som ellers er ein del av kroppen og helsesystemet.Pensjonistforbundet har også stor oppmersomheit på det som skjer i den digitale verda. Her går utviklinga fort og det gjeld å fylgje med dersom ein ikkje skal falle utanfor.

Hotellet serverte gode karbonadesmørbrød, kaffi og tilslørte bondepiker som dessert.Loddsalget gjekk unna der 24 gevinstar vart delt ut.

Siste post på programmet var øvingskonsert av Stardalen Mannskor saman med Torbjørn Gran og leiar Trygve Apalset.

Dei framførte mange kjende melodiar frå 60-talet, så publikum storkosa seg. Etter nesten 1 time var øvinga slutt. 

Leiar Ragnar Andenæs takka Stardalen Mannskor for jobben og inviterte dei tilbake når det måtte passe.

På julemøte 12.desember blir det servert juletalerken.

Etter eit kort styremøte i pensjonistlaget, kunne alle snu nasa heim att i vinterkulda.

Odd

Ref

Leiar i Sogn og Fjordane Pensjonistforbund _ Nils R Sandal

Leiar i Sogn og Fjordane Pensjonistforbund _ Nils R Sandal

Stardalen Mannskor

Stardalen Mannskor

Leiar i Gloppen Pensjonistlag - Ragnar Andenæs

Leiar i Gloppen Pensjonistlag - Ragnar Andenæs