Publisert 3. aug. 2023, kl. 15:54
Sist redigert 3. aug. 2023, kl. 16:52
Fritidsmesse på Ål kulturhus måndag 4. september kl 13.00. Ål i Hallingdal.
Måndag 4. september blir det arrangert fritidsmesse på Ål kulturhus kl. 13.00-18.00
Alle foreningar og lag i kommunen er invitert til å stå på stand og ha aktivitetar inne i og utanfor Ål kulturhus. Dette for å vise mangoldet av ulike aktivitetar å vera med på her i Ål.
Så lurer du på kva for aktivitetar som finst er det berre å ta turen til Ål kulturhus denne dagen, og kanskje finn du ein ny fritidsaktivitet du ynskjer å vera med på.....
Arrangementet går føre seg frå klokka 13:00 og foregår både inne på kulturhuset og utenfor.
Følg med Facebooksidene til Ål Kommune og Ål Frivilligsentral for oppdatert program.
Pensjonistforbundet Ål er heilt nyoppstarta og me stiller på stand for å presentere kva me ynskjer å arbeide med utover hausten. Me ynskjer nye medlemmer velkomne i lokallaget.
Premie til dei 15 fyrste som melder seg inn i lokallaget!!!!