Ein populær aktivitet; Seniortrim på plenen
Publisert 28. mai 2023, kl. 18:10
Sist redigert 28. mai 2023, kl. 18:10
Camilla Søvig steiker lappar
Asbjørn Vie og Jorunn Russøy underheld med frisk song og musikk
Kurs i førstehjelp med Norvall Nøringset
Inger Cesilie Fitje frå Home-Start Familiekontakten
Det vart ein kjekk dag med mykje aktivitet og moro, der 40-50 gjester stakk innom.
Per Øyvind Storetveit som er dagleg leiar i Hafstadparken ønskte oss velkomen og orienterte om tilbodet som er der no, og litt utviklingsplanar framover. Det store løftet er å skifte banedekke på fotballbanene, og så ønskjer dei å bygge ein fotballhall for å halde oppe aktiviteten om vinteren.
Etter musikk av Asbjørn Vie og Jorunn Russøy var det tid for fritime. Spenst inviterte til trening i uteapparat; Puls til seniortrim på plenen; Førde Røde Kors til førstehjelpskurs; fysio- og ergoterapeutar frå Sunnfjord Kommune inviterte til å måle handstyrke og Pensjonistlaget og Home-Start Familekontakten hadde stands der dei informerte om sine aktivitetar.
Etter fritimen inviterte vi på kaffi, te og lappar. Rune Hegrenes heldt foredrag om frivilligheit og kor viktig det er å få til god samhandling mellom frivillige organisasjonar, kommune og næringsliv.
Asbjørn Vie og Jorunn Russøy med nydeleg musikk og song og mange song med.
Tusen takk for ein triveleg dag !