Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Førjulstreff 30.11.22

Askvoll sjøbuer

Novemberbilde

Novemberbilde

Til førjulsfesten i Askvoll pensjonistlag møtte 53 personar. Ein nydeleg dag i Askvoll med blikkstille og flott solnedgang. Kjell Grane ynskte velkommen, vi song Det lyser i stille grender og ordet for dagen ved Kjell, var også ved Jacob Sande "Då Gud heldt fest i Fjaler". Per Jon Odeen fekk ordet og snakka om sin eigen barndom og oppvekst i Årdal i 50-åra. Her var mykje å kjenne seg igjen i og mykje som var spesielt for industribygda. Solveig Sølvberg takka PJO for foredraget, og han fekk med seg ei bok om Anders Askevold som reiselektyre på Expressen tilbake til Bergen. På litt "overtid" blei juletallerken servert; stryremedlemmene bar rundt maten. Skøy, som skulle underhalde, hadde fleire gjeremål på sin plan, så dei fekk starte opp samstundes med servering av dessert og kaffi. Dei hadde mange gode innslag og skapte god stemning. Siste halvtimen var det dansemusikk, og ein del nytta sjansen til ein svingom. Opplysningar til slutt ved Solveig Sølvberg var fylgjande: neste treff skal vere 25. januar på Sjøbuene, Møteplassen på biblioteket er ope 2 veker til før jul og opplysningar om kurs blir å finne på pensjonistlaget si nettside, i tillegg til kunngjering på sms. Solveig takka elles for frammøtet og ynskte alle ei god adventstid og god jul.