Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Førjulstreff 01.12.21

Askvoll sjøbuer

Utsikt mot Stavfjorden

Utsikt mot Stavfjorden

Treffet var annonsert på vanleg måte med plakatar og sms. Gratis deltaking. Pensjonistlaget hadde ynskje om å yte noko som kunne komme alle pensjonistar tilgode og hadde litt pengar att av statsforvaltningsmidlane. 56 personar var til stades, av desse 12 ikkje-medlemmer.

Kari Fismen ynskte velkommen og etter allsongen Julekveldsvise leste ho diktet Å leve i nuet av Piet Hein. Dernest underhaldning ved Helle X 3; Øystein, Geir og Solmund Helle song 3 viser og fekk publikum med på refrenget.

Bjarne Haugen fortalde om tradisjonen i sin familie med skate som julemat. Vi fekk vere med på heile prosessen med førebuing som starta i februar og som skulle ende opp som eit godt måltid julafta. Bjarne formidla stoffet på ein flott måte, og vi fekk sjå korleis tørka skatevenger ser ut.

Kjell Grane fortalde så om ein tradisjon frå juletider; maling av kors på døra for å halde vonde makter borte. Kjell hadde også sine kjelder frå eigen familie og har funne stoffet i samband med slektsgransking.

Før maten leste Kari diktet Den siste glede av J. Wilde. Juletallerken blei så servert på ein flott og effektiv måte.

Før dessert og kaffi hadde Solveig Sølvberg ei orientering om arbeid i laget. Planen Leve heile livet skal behandlast i kommunestyret i februar-22. Alle blir oppmoda om å finne planen på nettet, lese og fylgje med i vidare behandling i kommunen.

Karamellpudding og kaffi smakte godt. Helle X 3 bidrog med 2 songar. Jakob Øyren akkompagnerte og spelte til underhaldning etterpå. Solveig avrunda treffet, takka for underhaldningsinnslaga med litt "godis" frå Delikatessen. Treffet blei avslutta med allsong Det lyser i stille grender.