Førde Pensjonistlag fyller 50 år
Førde Pensjonistlag vart skipa i 1972 og feira 50-årsjubileet i Festsalen i Førdehuset 2. desember 2022 med 120 feststemte medlemmer. Ordførar Jenny Følling var gjest og helsa frå Sunnfjord Kommune. Helga Hjetland og Nils Gjerland representerte forbundet sentralt og fylkeslaget. Åsmund Rakke og Jan Ryste hadde laga ein presentasjon av laget si historie knytt saman med utviklinga i Førde. Presentasjonen finn du i vedlegget. Sist, men ikkje minst hadde Bjørn Vollstad eit fargerikt, morosamt og motiverande innlegg om korleis ein kan få noko positivt ut av å sjå seg sjølv i spegelen. Musikkinnslag med dyktige artistar ; Asbjørn Vie og Jorunn Russøy og Toradergruppa til Naustedalen Spelemannslag fekk i tillegg liv i dansefoten. Heile programmet vart trygt leia og ført i hamn av kveldens konferansier Nils Gjerland.
Sentralstyremedlem Helga Hjetland helsa frå forbundet sentralt med pengegåve og blomster
Publisert 22. des. 2022, kl. 21:25
Sist redigert 22. des. 2022, kl. 21:25