Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Endeleg oppstart i pensjonistlaget

Tirsdag den 7. september hadde Stordal og Liabygda Pensjonistlag sitt første møte etter Corona pandemien

Lars Arne og Jostein Frostad

Lars Arne og Jostein Frostad

I Grendasalen i Stordalshallen var det dekka på med ekstra mange småbord med god avstand då leiar Ann Elise Dyrkorn ynskte vel møtt. Sangen til bygda var som vanleg starten der vi denne gongen hadde fått musikarar frå Tomrefjorden som spela til allsangen. Det var Lars Arne og Jostein Frostad på trekkspel og bass, og dei greidde jobben bra.

Så tende leiaren eit lys og vi mintes 4 medlemmar som har gått bort sidan siste møte med eitt minutts stille. Det var Magna Jøsvoll, Kåre Kleiven, Elsa Kvammen og Bodil Vinje. Så fekk vi ord for dagen av Johan Møllerhaug som las eit dikt som vi hadde høyrt før sa han, men var vel verd å lytte til ein gong til, og tenkje over. Det var Dagen i dag den er din. Etter det fekk vi ein ny allsang, om Liabygda, skreven av Geir Hoff som går på melodien til Oh my darling Clementine retteleg som ein nasjonalsang for Liabygda og veldig triveleg og fin. Så fekk musikarane sleppe til med ei avdeling der Lars Arne trakterte trekkspelet til taktfast komp av Jostein med fleire flotte og feiande gode gamle slagerar som Trønderbrura, Di Laila og De tusene sjøars land med fleire. Etter det var det tid for ein matpause med flotte rundstykke og kringle frå Nilsgardstunet. Og kaffien smakte og praten gjekk livleg rundt borda. Men det var også tid for ein runde med åresalg der gevinstane var haustlyng som skulle passe godt denne tida. Vi fekk endå ei avdeling av musikarane som varta opp med fengande melodiar som Sail along silvery moon, Møllerens Iren og fleire, ei ny triveleg stund med god musikk som dei fekk velfortent applaus for. 

Så informerte leiaren om Eldredagen i Fjord Kommune som inviterar oss til Røde Kors huset i Eidsdal den 23. oktober, og meir informasjon vil kome. Neste møte i laget vårt blir onsdag 6. oktober og då vil vi slå det saman med Eldredagen og servere middag og bløtkake. Men allereie i neste veke, tirsdag 14. september kl 14.00 kjem Marius Djupvik og Stephanie Lippert som vil framføre songar frå Den glade enke her i Grendasalen. Før leiaren takka for frammøtet og ynskte vel heim rakk vi eit par allsangar igjen, det var Mykkjy lys og mykkjy varme og Piken i dalen. Ein triveleg ettermiddag med god musikk og sosialt lag.

SL