Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Eldreombodet – vaktbikkje og trekkhund

Eldreombod Bente Lund Jakobsen besøkte Vestnes kommune måndag 14.11.22. Det var dei fire pensjonistlaga i kommunen som inviterte ho. Myra kulturbygg var godt besøkt.

Eldreombod Bente Lund Jakobsen

Eldreombod Bente Lund Jakobsen

La det vere sagt med ein gong; vårt Eldreombod er svært engasjert og brenn verkeleg for oppgåva ho fekk for to år sidan. Bente Lund Jakobsen ser på seg sjølv som vaktbikkje og trekkhund. Det er nettopp noko slikt den eldre generasjon har bruk for. Dessverre er det no forslag frå regjeringa om at Eldreombodet skal strykast frå budsjettet. Ca. 10 millionar spart, og det er sjølvsagt rimeleg at dei eldre «betaler» dette. Etter departementet si meining er dei eldre godt ivaretekne på mange måtar. Nei, slik er det ikkje etter Eldreombodet si meining. Nei, slik er det heller ikkje etter dei eldre si meining. Men, kva har dei å stille opp med? Ordføraren i Vestnes var på møtet, og i ein kort kommentar etter møtet, kunne Randi Bergundhaugen fortelje underteikna at Vestnes kommune støttar eldreombodet og vil at stillinga skal halde fram. Bra!

På sin energiske måte gjekk Bente Lund Jakobsen gjennom saker Eldreombodet har arbeidd med, og slike som er på agendaen i dag. Det er ikkje lite. Vi kan ikkje her ta fram alt, men det er viktig å få fram at Eldreombodet er eit sjølvstendig nasjonalt statsorgan. «Vaktbikkja og trekkhunden» formulerte dette slik:

•     fremmer eldres interesser på alle samfunnsområder

•     overvåker situasjonen for eldre

•     påvirker offentlige myndigheter og private virksomheter

•     kontakt med fagmiljø og frivillige organisasjoner

•     ble etablert i 2020 med lov om Eldreombudet – i Ålesund

•     veiledning av eldre og pårørende som tar kontakt

Helse og omsorg

Innan helse og omsorg tok Eldreombodet fram nokre krav ombodet arbeider med. Her tek vi med berre nokre av dei: «lovpålagte stillinger for farmasøyter, økt fokus på geriatri, alderspsykiatri og eldreomsorg i helseutdanningene»

Samfunnsdeltaking og arbeid

Under denne overskrifta tek vi med eit par punkt: «alderisme: stereotypier, fordommer og diskriminering pga. alder og eldrerådenes innflytelse i kommunene og fylkene»

Digitalisering

Eit anna punkt Bente Lund Jakobsen tok for seg, var òg svært viktig. Mange eldre fell litt utanfor der det krevst noko digital kompetanse. Det gjeld for eksempel banktenester og digital informasjon frå kommune og stat. Positivt var det sjølvsagt å høyre at Eldreombodet ser løysingar også på slikt ein lett vil sjå på som problem.

Framtid

På slutten av det timelange foredraget var Eldreombodet oppteken av nettopp det å vere løysingsorientert, og så kom ho inn på kva som har vore gjort desse to åra Eldreombodet har vore i funksjon. Da er hjelp og påverknad to sentrale stikkord.

Heilt til slutt kom hjartesukket om at Eldreombodet må bestå som vaktbikkje og trekkhund.

•     Eldreombudet arbeider på tvers og sektorovergripende

•     behovet for Eldreombudet svekkes ikke av at andre arbeider for og med eldre – vi samarbeider med et utall organisasjoner

•     fjernes Eldreombudet mister utsatte eldre en stemme

•     behovet for Eldreombudet vil øke med flere eldre og det gir dårlig signal å legge ned

Punkta ovanfor sluttar vi oss til. Ja, at dei fire pensjonistlaga i kommunen støttar Eldreombodet, er vel heilt sjølvsagt.

Svært velfortent fekk Bente Lund Jakobsen med seg ein blomsterbukett tilbake til Ålesund der ho har basen sin.

Referat ved

Kaare Lervik