Eldredagen på Nilsgardstunet

Stordal og Liabygda Pensjonistlag markerte eldredagen

Vidar Parr

Vidar Parr

Stordal og Liabygda Pensjonistlag markerte eldredagen i medlemsmøte onsdag 6. oktober der godt over 50 medlemmar og ikkjemedlemmar var møtt fram til middag og festleg samver. Leiar Ann Elise Dyrkorn ynskte vel møtt og så var vi i gang med åpningsangen til komp av Lars Arne og Jostein Frostad. Ho orienterte også om at Eidsdal og Norddal Pensjonistlag arrangerer Fjord Kommune sin eldredag på Røde Kors huset i Eidsdal seinare i månaden.

Etter ein allsang fekk dagens underhaldar Vidar Parr ordet, og han har ordet i si makt kan ein seie. Han var innom tema som eldre, gammal mann og måltid som nons som er forsvunnen i vår tid. Alt med eit humoristisk glimt. Retteleg morosamt blei det når Parr framførte eit tenkt intervju med ei dame på vel 100 år som hadde god greie på gardar og slektskap i ei lita grend. Om husken av og til svikta for dama henta ho seg inn igjen sjøl om slektskapet kunne bli nokså innfløkt, til høglytt humring blant tilhøyrarane. Verkeleg ei triveleg stund når avismannen opprinneleg frå Dyrkorn kåserar, til velfortent applaus. Neste post på programmet var middag og her hadde vertskapet på Nilsgardstunet stilt opp ein bufe med kjøtkaker og tilbehør der vi sjølve kunne forsyne oss etter at coronarestriksjonane er avslutta. Praten gjekk rundt borda medan vi venta på kaffi og bløtkake, og musikarane varta opp med ein liten minikonsert der vi mellom anna fekk høyre Sommernatt i Froland og Zanzibar. Allsang til De nære ting vart det og før det vart seld årar og trekt gevinstar. 

Etter kaffi og kake spurde leiaren forsamlinga om vi vil ha julebord eller julemøte og gjerne i Nilsgarden, dette blir endeleg bestemt på novembermøtet. Nestleiar Johan Møllerhaug ville gjerne vite om medlemmane var interessert i bowling. Laget kan søke om midlar til ei ykt med bowling, pizza med drikke til og transport til Kulå i Valldal frå Stordal Auto. Alt er gratis sa Møllerhaug, det er berre å melde seg på, "først til mølla" på telefon 450 27 945.

Før leiaren takka for ei triveleg stund sang vi som vanleg La oss leve for hverandre, og vi tok på heimveg både mette og glade.

SL