Leiar i pensjonistlaget Torunn Einbu ønskjer velkomen.
Publisert 6. okt. 2022, kl. 14:08
Sist redigert 6. okt. 2022, kl. 14:08
Ivar Hoel fortel om verteikn og refererer til primstaven.
Torunn takkar for innslaget.
Middag
Opplegget for bildekvissen - bilde med nummer, pil som peikte på eit hus og fleire forlag til namn på dei som budde der i 1962, der eitt var det korrekte.
Kjekk Eldredag for Lesja kommune på Bjorliheimen søndag 2. oktober, arrangert av Lesjaskog pensjonistlag. Desse arrangementa går på omgang mellom pensjonistlaga i Lesja og Lesjaskog, og i år var det vår tur. Dei er gratis for alle innbyggarar i alder 67+.
Programmet bestod av:
- Kåseri om verteikn av Ivar Hoel frå Fræna
- Kviss med Widerøebilde frå 1962 ved Arnfinn Kjelland
- Musikkinnslag med Kari Lien
- Middag med dessert, kaffe og kake
- Loddsal og hyggeleg samver.