Sondre og Tanya fortalde gripande om opplevingane dei hadde i timane før krigen braut ut 24. mars. Foto: Aud Einbu.
Publisert 7. sep. 2022, kl. 19:08
Sist redigert 7. sep. 2022, kl. 19:11
Av Aud Einbu
Etter ein litt kald og hustrig morgon med nysnø, kom Sondre og Tanya som ein frisk vårvind til møtet vårt 3. mai med sin dans. Dansegleda smitta fort over på publikum. Pensjonistane gløymde alt og levde seg heilt inn i dansen saman med dei.
Men dei formidla ikkje berre sin utruleg flotte dans, det låg meir alvorlege hendingar dei hadde opplevd den siste tida dei ville fortelja oss om mellom danseøktene.
Før krigen i Ukraina starta, budde dei i Kiev. I Ukraina var det ingen som trudde at Russland ville starte krig.
Sondre vart likevel åtvara frå Norge, og Dovre, om at han måtte reise heim. Han reiste først medan Tanya vart att i Ukraina.
Men så small det.
Etter at Tanya hadde høyrt Putin si første tale, kasta ho seg i bilen og køyrde mot Norge. Sondre møtte henne i Polen, og nå er dei busett i Dovre.
Krigen i Ukraina var grunnen til at vi fekk oppleva verdensmesterane i boogie woogie på Lesjaskog pensjonistlag sitt møte. Møtet med desse to dansarane som viste oss slik danseglede på same tid som dei er flyktningar frå krigen, gjorde at det vart eit møte vi seint vil gløyme.