Dagstur frå Lesja

Tysdag 22. august arrangerte Lesjaskog pensjonistlag saman med Lesja pensjonistlag dagstur med buss.

Frå Furuhaugli med utsyn heimover.

Frå Furuhaugli med utsyn heimover.

Turen gjekk frå Bjorli via Dombås for opplukking av påmeldte. Første stopp var Furuhaugli på Dovrefjell, der vi fekk kaffe og kanelsnurrar. Så køyrde vi vidare til Auna (Oppdal sentrum) der nokre av oss gjekk tur utanom, og andre inni, butikkane.

Etter ein times pause gjekk turen vidare etter R70 Sunndalsvegen forbi Vognillan til Lønset. Der tok vi vegen opp igjennom Storlidalen til Bortistu, Storlia. Der fekk vi servert spesialiteten på staden, 'basstulam', lammelår som hadde vore røykt i badstugu ('basstu' = badstugu); nydeleg!

Så gjekk turen heimatt med eplekake, is og kaffe på Dovregubben før vi var heime at nærare i nitida.

Nesten berre finver fekk vi, og takk til Lesjaskog pensjonistlag som planla og gjennomførte turen. Er du i alderen, meld deg gjerne inn i #Norgespensjonistforbund og bli med på slike flotte tilbod.

Frå tunet på Bortistu Storlia med flott utsyn vestover mot fjella rundt Innerdalen.

Frå tunet på Bortistu Storlia med flott utsyn vestover mot fjella rundt Innerdalen.

I Bortistu fekk vi høyre forteljinga om spesialiteten, "basstulam".

I Bortistu fekk vi høyre forteljinga om spesialiteten, "basstulam".

Klare for servering!

Klare for servering!

Gruppebilde på tunet i Bortistu før heimreisestart.

Gruppebilde på tunet i Bortistu før heimreisestart.

Hos Dovregubben fekk vi eplekake, is og kaffe.

Hos Dovregubben fekk vi eplekake, is og kaffe.

Dovregubbens hall på Dovrefjell.

Dovregubbens hall på Dovrefjell.