Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

50 årsjubileum 8. juni 2022

Askvoll Samfunnshus

Jubileum

Jubileum

56 personar var samla til fest. Øystein Helle leia fyrste del og ynskte alle hjarteleg velkomne, med ei spesiell helsing til dei innbedne gjestene. Desse var Nils Gjerland, leiar i Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane, Arne Rognaldsen, styremedlem i fylkeslaget og "fadder" for Askvoll pensjonistlag, Nils R. Sandal, Helene Hertzberg Ask og musikarane RamSkogÅs. Etter allsongen "Pensjonistenes velkomstsang", akkompagnert av Andreas Ramstad på trekkspel, leste Helene Hertzberg Ask prologen, som Adolf Ask skreiv til skipingsmøte for Askvoll pensjonistlag 11. januar 1972, i Askvoll Samfunnshus.

Nils R. Sandal, som stod for festtalen, fekk så ordet. Han heldt ein flott tale, der han m.a. snakka om solidaritet som viktig grunnlag for Pensjonistforbundet og lokallaga. Han framheva også verdien av å gi liv til åra ved å vere aktiv sosialt. Med god stemme og ledig framføring nådde han alle i salen.

Etter allsongen "Vandringsmenn i verden vide" hadde Solveig Sølvberg ein kort historikk på bakgrunn av laget sine protokollar og 20 års jubileumsskriv. Jubileumsskrivet gir god kunnskap om aktiviteten i laget dei fyrste 20 åra. Frå starten av var Askvoll pensjonistlag eitt av 5 lag i fylket og var med på skipingsmøtet av fylkeslaget seinare same år. Etter 15 år fekk laget "eige hus" i den gamle doktergarden og hadde dette i fleire år. Aktive leiarar, tillitsvalde og medlemmer gjorde at det var stor aktivitet i laget og arrangering av turar stod sentralt. Sidan 2015 har det vore vanskeleg å få leiarar i pensjonistlaget, og i dei fleste åra etterpå har det vore arbeidsstyre, som har konstituert seg sjølv.

RamSkogÅs stod så for eit par flotte musikk- og songinnslag; Andreas Ramstad trekkspel, Knut Skoghei fele og trekkspel, Atle Åsnes gitar.

Matøkt: Solveig Steinseth hadde laga nydeleg rømmegraut, som smakte godt saman med spekemat og flatbrød.

Etter maten allsongen "Dalsfjordvalsen", akkompagnert av Andreas Ramstad.

Helsingar: Nils Gjerland hadde med helsing frå Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane med gode ord og gåve på kr 500. Han framførde også ein tekst med kleskåpet som tala sitt eige språk og vitna om levd liv. Kari Fismen takka for gåve og tale. Ho takka også for flott blomsterhelsing frå Florø pensjonistlag.

Solveig Sølvberg overrekte nål og blomsterbukett til Kirsten Grane, som takk for flott innsats gjennom felire år i lokallaget. Kirsten har vore leiar i 4 år og elles hatt fleire verv i styret gjennom dei siste 10 åra. Sveinung Kristiansen fekk overrekt nål og rose med takk for innsats gjennom mange år som leiar i turgruppa og kasserar i laget. Askvoll pensjonistlag set pris på at han i høg alder framleis deltar på treff i laget. Nellfrid Høydal som har vore sekretær i lokallaget, fekk overrekt nål og rose for sin innsats og som den som har lengst medlemstid. Askvoll pensjonistlag set stor pris på fortsett aktivt medlemsskap.

Underhaldning elles: Jorunn Stubseid og Geir Helle hadde arrangert 2 sketsjar. Kari Fismen introduserte skodespelarane, og dei 2 innslaga dei hadde, sørga for liv og latter i salen. Tema var humor omkring aldring og redusert hørsel.

Kaffi og kaker smakte godt etterpå. Kjøkkengjengen, som var styret pluss hjelparar i salen, gjorde ein bra innsats både med graut- og spekematserveringa samt kaffi og kaker.

Etter kaffien overtok RamSkogÅs scena. Dei sytte for flott dansemusikk, og dansegolvet blei godt brukt. Festen blei avslutta ca kl 20.15.