Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Årsmelding

2022

ÅRSMELDING 2022 Luster pensjonistlag

Styret: Malvin Moen leiar/sekr. Astrid Martinsen nestleiar, Arne Midtun kasserar/data, Marit Kruhaug utloddingansvarleg, Edin Bolstad. Sverre Nytun vararepresentant.

Laget har pr 01.01.2023: 175 medlemmer.

Luster pensjonistlag har medlemsmøte ein gong kvar månad med unnateke sommarmånadene. Styret har møte framfor kvart arrangement for å drøfta program og opplegg til møta og elles andre emne som kan vera aktuelle for pensjonistar. Pensjonistforeninga sentralt er aktiv på mange område, og har spesielt vore opptekne av minstepensjonen, forhandlingsrett, eldre sine tilbod i kommunane og medlemsverving.

På møta er det tema/foredrag om aktuelle emne for pensjonistane, kulturelle innslag, utlodding og servering.

Luster- og Årdal pensjonistlag har eit felles arrangement kvart år. Desse arrangementa går på omgang, så denne gongen var det Årdal sin tur. På grunn av koronasmitten vart det ikkje arrangert slike «treff» på to år. Men sist sommar var det så lite smitte i områda at det vart arrangert eit felles møte i Årdal den 7. juni. Pensjonistlaget hadde tinga buss som kunne ta 49 personar. Heile 60 medlemmer melde seg til turen. På grunn av sjukdom og private grunnar melde så mange avbod ,at alle som hadde meldt seg, fekk vera med.

Arrangementet i Årdal var vellukka med både god servering og musikalsk underholdning av Grøttebø frå Lærdal. Luster har mange som har flytta til Årdal, så det vart gjensynsglede og gode sosiale samtalar kring borda.Turen tilbake gjekk om Tyen. Veret var fint, så det var ein vellukka dagstur.

Fredag 9. september hadde Pensjonistlaget besøk av Arne Mørch med allsongprogrammet «Minnenes Melodier». Han framførde kjende songar som var svært aktuelle på 50 og 60 talet. Programmet varde i ca. 3 kvarter. Utgifter/honorar til Mørk var på 3600 kr som laget fekk dekka frå «Den kulturelle spaserstokken».

Luster pensjonistlag har også samarbeid med pensjonistlaga i Sogndal kommune. Det er eitt større arrangement kvar år som går på omgang. I år var det Luster sin tur. Arrangementet var på Eikum hotell den 21. september. Sentralstyremedlem Helga Hjetland heldt eit godt foredrag, Indre Hafslo spelemannslag underheldt. Det møtte 80 personar så det var eit godt «nabomøte».

Finn Roald Skare, Geir Paulsen og Trond Johansen hadde vore i Israel for å lage påskeprogram for Luster radio. Deler av turen hadde tidlegare vorte referert i nærradioen. Skare og Johansen hadde laga eit svært interessant program om besøket i Israel som dei framførde i filmstubb, mange fine lysbilde og ein engasjert Johansen. Eit godt program som varte ein time.

Julebord er det vanskeleg å arrangera for eit lag åleine. Det er kostbart med servering og undeholdning/musikk. Det må opp i eit større antal deltakarar for å få ein høveleg pris. Med dette som bakgrunn tilbaud Eikum hotell å arrangera julebord for pensjonistar. Dette var eit tilbod som galdt heile sognebygdene. Julebordet var i byrjinga av desember månad.

Sogn og Fjordane pensjonistlag har fleire møte som dei ynskjer at lokallaga deltek på. Årsmøte på Skei 4. og 5. april. Haustkonferanse i Sogndal 11. og 12. oktober og regionmøte i Balestrand 19. oktober. Leiaren deltog på møta. På medlemsmøta har representantar frå Luster kommune og Luster sparebank delteke med orientering om aktuelle emne for eldre. I bygdene våre er det mange amatørar som kan framføre både sang og musikk. Desse er svært positive for å koma å underholda på møta. Luster pensjonistlag er takksame for desse som bidreg med orientering og underholdning, ei stor takk til desse.

Gjennom media og på annan måte er styret kjend med at det er svært viktig for alle og ikkje minst for oss eldre, å hå ha gode sosiale møtestader. Styret er svært opptekne av at møta våre skal vera ein slik møteplass. Laget har 175 medlemmer, men det burde vore fleire som deltek på møta. Å koma saman med andre for ein god «prat» er viktig for alle.

Styret takkar alle som har delteke på møta for godt samarbeid i året som har gått.

Gaupne, 17.01.2023 STYRET

Malvin Moen Leiar/sekr.