Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Årsmøte/Medlemsmøte i Vestnes Pensjonistlag

Ikkje det heilt store frammøtet under Vestnes Pensjonistlag sitt årsmøte/medlemsmøte onsdag 23. februar 2022, men rikeleg for å kunne gjennomføre det. Noko av grunnen til eit heller labert frammøte, må nok dårleg vêr ta sin del av skulda for, men dei 25 personane som var der, hadde det rett så triveleg.

Innleiing

Etter velkomsthelsing frå leiar, vart det allsong. Dessverre måtte vi også denne gongen tenne lys til minne om medlemmar som har døydd sidan sist vi var samla. Denne gongen var det Per Richard Larsen og Odd Nordeide. Like høgtideleg kvar gong.

Årsmøtet

Etter at møtet hadde konstituert seg, gjekk leiar gjennom årsmeldinga for 2021. Alle aktuelle opplysningar var lagt inn i ein tabell, noko som gjorde årsmeldinga oversiktleg. Det var ingen spørsmål eller kommentarar til meldinga, så ho vart godkjent slik ho låg føre. Heller ikkje rekneskapen fekk merknad og kunne godkjennast.

Val av tillitsvalde til styret og alle komitéar gjekk greitt, og det har sjølvsagt noko med at valkomitéen hadde gjort ein god jobb, men òg velvilje frå alle som vart spurt. Medlemmar av styret som var på val, tok attval, og kontinuiteten var eit faktum, noko årsmøtet kunne takke for. Styret komande år blir: Gerd Misfjord leiar, Marit Sæbø nestleiar, Ansgar Misund kasserar, Lars Fjørtoft sekretær og Anny Elise Misund styremedlem.

Som leiar var inne på, har dei siste to åra vore heilt spesielle, noko som har betydd myke for drifta av laget, men no var trua på meir og viktig aktivitet kommen tilbake. Planane er klare. Da blir det medlemsmøte kvar månad slik som før. «Tirsdagskaféen» held fram som før i samarbeid med Røde Kors og Gamleskulens venner. Så blir det jobba med å få til tilbodet «Sterk og stødig». Eit par dagsturar i buss er med i planane. Trimdagen om våren og den internasjonale Eldredagen i oktober er noko å gle seg til. Så vil det bli aktivitet i samband med at 2022 er «Frivillighetens år». Sidan alle er oppfordra til å verve medlemmar til Pensjonistforbundet, er jo ein slik aktivitetsplan noko å slå i bordet med. Pensjonistforbundet arbeider for oss, og saman er vi sterkast.

Elles orienterte leiar om fleire viktige saker, og utsendingar og observatørar til årsmøtet i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal vart nemnt.

Medlemsmøtet

Underhaldar på medlemsmøtet denne gongen var Knut Flølo. Han er vestnesing frå Nordfjord, og er svært glad i Jacob Sande. Han fortalde om diktaren og las fire dikt av han, men han innleidde med diktet «Den annsame» av Jan-Magnus Bruheim. Dette var meint som eit apropos til at alle synest å ha det så travelt i livet.

Jacob Sande levde eit nokså turbulent liv, men han var ein stor diktar. Flølo meinte nok at somme av dikta hans hadde levande modellar, men omskrivne slik at ikkje folk skulle kunne kjenne dei att. Dikta til Jacob Sande er ofte jordnære og ein kan kjenne seg att i mangt han skriv om. Dikta varierer mellom lun humor og varme kjensler. «Voggesong til Siri» som han skreiv til einaste dotter si, er døme på kjærleiken han kunne formidle. Det same kjem fram i diktet «Bestefar». Humoren er god i «To glade karnaljar». Til slutt las Flølo diktet «Slipesteinen», og mange har forskjellige opplevingar med å dra slipesteinen.

Så var stunda kommen til maten og åresalet. Begge deler er faste innslag på alle medlemsmøte. Måltidet vart avslutta med god marsipankake, og møtet vart avslutta med songen «De nære ting».

Velfortent blomst til Flølo med frue.

Velfortent blomst til Flølo med frue.

God marsipankake.

God marsipankake.

Alle gevinstane. Dette gir pengar til kassa.

Alle gevinstane. Dette gir pengar til kassa.