Årsmøte lokallaget 2021

Utsett årsmøte

Årsmøtet måtte enno ein gong avlysast, grunna smittesituasjonen i kommunen. Styret vedtok at vi skal utsette årsmøtet til 2022. Dei i styret som er på val, seier ja til at vi prolongerar styretida med dette til 2022. Dei som er på val i år, vil då vere dei som er på val neste år, og alle vil då få forlenga valperioden med eit år.

Årsmeldinga vart underskriven og den og regneskapet er sendt inn til forbundet.