Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Årsmøte i Førde Pensjonistlag

Riktig godt nyttår til alle våre medlemmer og pensjonistar. Starten på året er dessverre prega av ny coronasmitte. Dette medfører at vi set i bero aktivitetane våre inntil vi får nye vurderingar frå styresmaktene 12. januar. Vi håpar situasjonen normaliserer seg og legg planar for året slik at vi er budde på å starte opp når smittesituasjonen tillet det.

Førde sett frå Vieåsen. Foto: Arne Stubhaug

Førde sett frå Vieåsen. Foto: Arne Stubhaug

Med atterhald om at det er mogeleg som følgje av smittevernreglar, vil årsmøte i Førde Pensjonistlag bli arrangert 

onsdag 23. februar 2022 på Thon Førde Hotell kl 17 00.

Vi har invitert gjest frå forbundet sentralt (ikkje avklart enno kven som kjem) til å snakke om «Pensjonistforbundet sine utfordringar framover og forventningar dei har til lokallaga»

I tillegg vil det bli dei vanlege årsmøtesakene som årsmelding og rekneskap, aktivitetsplan for 2022, budsjett for 2022 og val.

Annonse vil komme i Firda 6. februar 2022

Dersom de har saker som de ønskjer å ta opp så vil vi gjerne at de sender dei til

styreleiar Kjell Sandnes; (kjell.sandnes@enivest.net) innan 31. januar 2022.