Publisert 16. mars 2023, kl. 09:32
Sist redigert 16. mars 2023, kl. 09:32
29 medlemmer frammøtt. Bjørn ønska alle vel møtt.
Innkalling og sakliste godkjendt.
Bjørn Ø. valgt til møteleiar. Oddvar valgt til skrivar for møtet.
Randi Åndal og Ragnhild Hestad valgt til å skrive under protokollen
1 min. stille for dei som var gått bort siste året.
Årsmelding utdelt og opplest av Oddvar. Godkjendt med ein
merknad,- foreninga har fått kr. 2000.- frå Hustadvika kommune
til eldredagen.
Regnskap ferdig revidert opplest av kasserer Åse. Kr. 209.- i
underskudd siste året. Regnskap godkjendt uten komentar.
Styret sitt forslag til aktivitetsplan opplest av møteleiar. Vedtak :
Forslaget sendes ut til medlemane. Mål om minst 4%
medlemsauke.
Budsjett ikkje framlagt. Vedtak : Nøktern pengebruk.
Innkomne forslag: Kjøp inn 15 sangbøker. Årsmøtet vedtok å kjøpe
inn15 sangbøker til kr. 50.- pr. stk.
Valg . Gerd Øverbø la fram forslaget frå valgkomiteen. Alle som blei
valgt har blitt spurd og sagt ja til å bli valgt.
Leiar : Bjørn Ø. Valle, valgt for 1 år.
Nestleiar : Sigrid Haugen , gjenvalg for 2 år.
Kasserer : Elin Kristiansen, ny valgt for 2 år
Sekretær : Oddvar Valle, gjenvalg for 2 år
Styremedlem : Kirsten B.Aandal valgt i 2022
Varamedlemmer og revisorar valgt i 2022.
Valgkomite : Gerd Øverbø og Berit Fjærvoll valgt i 2022,
Brit Karin Aandal gjenvalg for 2 år.
Turkomite : Sigrid Haugen og Bjørn Ø. Valle gjenvalg for 2 år
Brit Sæter Grell , ny valgt for 2 år.
Utsending til fylkesårsmøte : leiar Bjørn Ø. Valle
Fortsetting, referat frå årsmøtet 21/22, kl. 18.00 på Øyra
Utmerking : Forslag frå styret om å utnemne Johan Reidar
Bergheim til æresmedlem. Han fekk æresmerke og diplom for sin
spesielle innsats for pensjonistforeninga gjennom 14 år.
Stående applaus.
Kaffipause med nylaga snitter som Sigrid, Kirsten og Randi hadde
laga.
Sjølve årsmøtet slutt 19.30.
Fylkessekretær Aud Berit Eidhammer var gjest på årsmøtet og
orienterte om saker som fylkesstyret har fokus på, verving av nye
medlemmer, div. kurs, medlemsfordeler, krav til auke i
alderspensjonen og service som laga og medlemane kan få gjenom
fylkeskontoret.
Nestleiar Sigrid la fram div. matriell, T-skjorter m.m. som
medlemane kunne ta med seg. Ho spurde også kvar bussturen
skal gå i år? Kva ønske har medlemane , dagstur eller lengre tur
med overnatting ? Ho vil gjerne bli kontakta om tips til tur.
Turkomiteen legg fram nokre forslag på seinare medlemsmøte.
Sigmund Julshamn delte ut merker til dei 15 som hadde vore med
på Den Gyldne Spaserstokk. Den er sponsa av Romsdalsbanken
og Norges Idretsforbund.
Til slutt takka møteleiar Bjørn alle for oppmøte.
Referent Oddvar
Sigrid Haugen, æresmedlem Johan Reidar Bergheim og leder Bjørn Ø. Valle