Vilnes kyrkje
Publisert 18. feb. 2023, kl. 11:21
Sist redigert 2. mai 2023, kl. 10:22
25 personar møtte fram til årsmøtet. Velkomst ved leiar Solveig Sølvberg og 1 min stille for å minnast medlemmer som har gått bort siste året. Etter allsongen " Vesle lerka" hadde Kari Fismen ord for dagen. Med tanke på rekneskap og budsjett handla det om pengar. Årsmøtet vart losa greitt i hamn ved ordstyrar Øystein Helle. Valnemnda hadde gjort ein god jobb med å finne personar til styret. Ingen innstilt som leiar, framlegg om at styret konstituerer seg sjølv. Framlegget blei vedtatt. Framlegg frå styret om valnemnd også vedtatt.
Etter gode snittar, kaffi og song var det utdeling av Pensjonistforbundet sine nåler til tillitsvalde som har gjort ein innsats for lokallaget. Dernest blomster til tillitsvalde som går ut av styret og nemnder.
Bjarne Haugen hadde så eit innslag med gode historier, som fekk fram humør og latter.
Som avslutning var tema: Kva slags treff ynskjer medlemmene framover?
Det kom fram flest synspunkt på at ein ynskjer å fortsette med treff på Sjøbuene, der ein betalar det det kostar med servering av snittar eller liknande. Elles semje om at innhald slik det går fram av handlingsplanen er OK.