Vårteikn
Publisert 9. mars 2022, kl. 15:49
Sist redigert 8. apr. 2022, kl. 10:44
Årsmøtet i Askvoll pensjonistlag gjekk av stabelen 23.02.22. Ca 45 personar møtte fram. Påmelding pga mat. Årsmøtesakene gjekk greitt, fint leia av Øystein Helle. Kjell Grane blei vald som referent og 2 møtedeltakarar melde seg til å skrive under. Rekneskap blei lagt fram ved kasserar Kari Fismen, årsmelding og handlingsplan ved leiar Solveig Sølvberg, val ved valnemnda representert ved Jorunn Stubseid. Endring i styret er at ein/eitt styremedlem, som ikkje ynskte attval, gjekk ut. Ein/eitt nytt styremedlem blei vald. Matøkt bestod av god betasuppe og kaffi med bløtkake til. Underhaldning ved Gitarvenninnene var populært, dei bidrog med songar før og etter maten. Spesielt for 2022 er at Askvoll pensjonistlag har 50- årsjubileum dette året.