Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Ål-appen er lansert

Last ned Ål-appen fra AppStore og Google play butikk

Innbyggarapp for Ål kommune  Ål-appen er no tilgjengeleg på Google Play (Android) og App Store (iOS/ i Phone). Den samlar info frå Ål kommune og frå lag og organisasjonar i bygda på ein plass. Her kan du følge utvalte aktivitetar og arrangørar, og få nyheiter tilpassa dine interesser. Ål-appen er utvikla av Innocode.  

Når du lastar ned appen og opnar den for første gong får du spørsmål om kva målgruppe du tilhøyrer (t.d. om du er ungdom eller vaksen, og om du har born eller ikkje), kva interesser du har og om du vil følge enkelte arrangørar (t.d. Ål Frivilligsentral eler Senioruniversitetet). Basert på dine val vil du få opp persontilpassa nyheiter og info om «dine» aktivitetar og arrangement. 

Personvern I tillegg til å samle nyttig info frå Ål kommune på ein plass, vil appen ha funksjonar for å sende meldingar frå kommunen, og frå lag og foreiningar, til innbyggarane. Appen samlar ikkje personopplysingar om brukarane. Alle val du gjer i appen blir lagra lokalt på telefonen din.  

Bli synleg med appen For at Ål-appen skal fungere optimalt, er det viktig at lag og foreiningar i kommunen tek den i bruk. Laga kan opprette brukarar i appen, og derfrå legge ut arrangement og sende meldingar til sine "følgarar".

Viss du er med i ei foreining som ynskjer å ta appen i bruk, og treng ei innføring i korleis, ta kontakt med: frivilligsentralen@aal.kommune.no / Turid Hilde Gåsbakk, leiar i Ål frivilligsentral.