Skodje Pensjonistlag

Årsmøte 2018

Årsmøtet vart halde 01. februar 2018

Laget sin kulturkalender for 2018 er sendt ut

Eg syner her til dei einskilde aktivitetane



Kalender

14.november 2018

Song og musikk på Skodje omsorgssenter

Søstrene Hildegunn og Marie Ulvestad

Hildegunn Garseth Ulvestad er 29 år og utdanna logoped, og søstera Marie Signe Nitter Ulvestad er 31 år og utdanna psykolog. Begge har spelt og sunge sidan dei var småjenter, og for tida syng dei saman med «The Cant Hardly Playboys». Søstrene Ulvestad tek stadig på seg ymse trubaduroppdrag, og då ofte med meir tradisjonell norsk musikk.
Frå dei to starta saman, og fram til no, har dei vore gjennom ei rekke ulike sjangere. Hildegunn har mellom anna spela i rockeband, og Marie har sunge i elitekor i Bergen. Begge to har mykje glede av både songen og musikken, og stortrivst
med å ha songen som hobby. Dei to jentene kjem frå Amdam i Ørskog.
 

Sted

Skodje Omsorgssenter

Tidspunkt

17:00 - 18:00

Påmelding

Gratis adgang.

Mer informasjon

29.november 2018

Senior-kveld med Amanda C. Olsen (Aco)

Amanda C. Olsen (Aco) har fått livsverket sitt i bokform.


Historikar Aud Farstad kjem til Seniorkvelden og skal fortelje om livsverket til Sunnmørsposten sin journalist Amanda
C Olsen (Aco) (1887 - 1967). Amanda C. Olsen er mest kjend fra «Spinnesida» i Sunnmørsposten. Amanda kom til
Ålesund som 30-åring, og var ein av dei første kvinnelege jounalistane i landet.
Amanda var ein oppsøkande journalist, og ho skildra ofte livet til  "vanlege menneske". lnterjuvobjekta hennar var ofte kvinner, og Amanda skreiv kvinnehistorier lenge før ordet var oppfunne. Amanda C Olsen kom til Ålesund frå Bergen i               1917, og var journalist i Sunnmørsposten i 50 år. Etter at Amanda C. Olsen fylte 70 år, flytta ho helm til Bergen, men kort tid etterpå var ho tilbake i Ålesund, og held fram som flittig frilanser i Sunnmørsposten til ho døde i 1967, 80 år gamal.

 

Høge snittar og høge glass

Etter innlegget om Amanda C. Olsen serverer vi høge snitter, !evert av SjøhoIt Catering, og høge glass med Mozell.

 

Sted

Klubbhuset til Skodje Idrettslag, 2dre høgda

Tidspunkt

17:00 - 20:00

Påmelding

Pris for medl. kr. 100,-. For ikkje-medl. kr. 150,-.

Påmelding innan 27. nov. til Gerd Karlsnnyr, tlf. 92 29 04 83, eller Paul Birger Tysnes, tlf. 41 23 51 88.

Åresal , allsong. Musikk: Kåre Myren.

Alle Seniorkveldane våre er opne for alle interesserte.

Mer informasjon

13.desember 2018

Julebord

Året sitt julebord skal vere ved Nilsgardstunet i Stordal.

Det vert julebuffet med bløtkake og kaffe etterpå.

Det vert juleandakt og opplesing av juleevangeliet, og synging av julesongar.
 

Til dei som vil kjøpe seg julemat:

Du får og kjøpe  pinnesider (heile sider eller oppkutta), syltaflesk, lammerull, kokemør av får, fenalår, røykalaks og anna mat i gardsbutikken på Nilsgardstunet.
 

Sted

Nilsgardstunet, Stordal

Tidspunkt

17:00 - 22:30

Påmelding

Pris for medl. kr. 400. Ikkje-medlemmer kr. 550.

Påmelding innan 10.desember til Gerd Karlsmyr, tlf. 92 29 04 83 eller Paul Birger Tysnes, tlf. 41 23 51 88.

Avreise frå Coop Extra kl. 17.00.
Bussen går om Valle og er ved Flåte Trevare ca kl. 16.40.

Musikk: Kåre Myren
 

Mer informasjon

Kontakt foreningen

Styret

Leder Torunn Mølsæter
ingemol@mimer.no
Nestleder Hilmar Stein
hilmar.stein@mimer.no
Kasserer Karl Gudmund Helland
kg@kghelland.no
Sekretær Paul Birger Tysnes
ptysnes@gmail.com
Styremedlem Gerd Karlsmyr
g-karlsm@online.no
Varamedlem Åse Eldbjørg Vadset
aase.vadset@yahoo.no
Varamedlem Fredd Nilsen
freddnil@mimer.no
Dataansvarlig Karl Gudmund Helland
kg@kghelland.no

Kontaktinformasjon

Telefon 90516423
Adresse Skodje Pensjonistlag
Torunn Møllsæter
Vestliv. 2
6260 SKODJE
Org. nummer 911823209
Bankkontonummer 39013042717
Send en melding til foreningen

Kontakt foreningen

Lukk
Send meldingen

0 resultater