Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Stafett for livet

Førde Pensjonistlag har meldt på 2 lag til Kreftforeninga sitt arrangement "Stafett for livet" som går av stabelen på Førde Stadion 9. - 10. september 2023. Start kl 12 00 på laurdag og slutt kl 12 00 på søndag. Oppmøte laurdag kl 11 00.

Dette er markeringa av at kreft aldri tek pause, og kviler heller ikkje om natta.

På Førde Stadion vert det rigga opp scene med storskjerm og det vert underholdning. Det vert stans i stafetten og eitt minutt stillheit til minne for alle som har måtte gje tapt for kreft.

Det vert mogeleg å kjøpe mat på stadion.

Lag

No inviterer vi deg til å vere med å sette fokus på kreft. Det gjer du ved å melde deg på eit eller begge laga våre! Vi vil gjerne vite i god tid at vi har nok deltakarar. Fint om de kan sende oss melding så snart som råd – helst inna denne veka!

Dette er ikkje ein konkurransestafett som skal gjennomførast på tid. Ein går rundt på stadion, ei eller fleire rundar, så vekslar ein. Om nokon vel å jogge/springe så er det heilt greitt. Har du gåstol eller er i rullestol, kan du vere med som deltakar. De kan gå aleine eller fleire i lag alt etter som de ønskjer. Ei runde på stadion er 400 meter.

Vi treng 20 – 30 personar som deltakarar til kvart lag for å holde stafettpinnen i gang i 24 timar.

Vi må ha nokre «natteramnar» til å gå rundt frå kl. 00.00 laurdag til kl. 06.00 søndag, då morgonfuglane kjem og tek over pinnen. Elles kan ein vere med ei stund, reise heim og komme att. Kvart lag har ein rundetellar til å halde orden på det. 

Økonomi.

All deltaking er gratis, men du kan Vippse eit beløp til Kreftforeninga om du vil.

Vi håpar de har lyst til å vere med på «Stafett for livet». Får de med familie eller naboar i tillegg, så er det fint. Men vi må få namnet på dei de tek med.

Påmelding.

Seniorspretten 1:           Lagleiar Odd Skrede

Påmelding tlf/SMS:      959 29 864

Seniorspretten 2:           Lagleiar: Kjell Sandnes

Påmelding tlf/SMS:       908 46 244

Eller de kan sende e-post til: odd.skrede@enivest.net eller kjell.sandnes@enivest.net.

De kan og melde dykk på direkte til laget «Seniorspretten1» eller «Seniorspretten 2» på nettsida til «Stafett for livet Førde». Spørsmål? Kontakt Odd Skrede eller Kjell Sandnes.