Mars-juni.
Referat og informasjon frå og om møta i Ørskog Pensjonistforening
Møta er på kafeen på Ørskog kulturhus kl. 18.00 første torsdag kvar månad der det er mogleg. Alle, både medlemar og andre, er hjarteleg velkomne.
2. mars
Leiar Grethe Leikny Gjerde ønskja alle hjarteleg velkomen.
Programmet starta med Ord for dagen ved Sigmund Stene.
Kai Oskar Eidsvik, leiar på frivilligsentralen i Ørskog, orienterte om det omfattande arbeidet som drives der. Blant mykje anna er det også fast møtetid for dei som treng hjelp med bruk av data og mobiltelefonar, og fleire sosiale møtearenaer.
På menyen i matøkta står snittar frå Sjøholt catering og vaflar + glutenfritt av begge sortar og med god tid for det sosial samveret.
Magnhild Schmidiger leste tekster forfatta av Reidun Klock Tjervåg til stor munterheit for forsamlinga.
Mot slutten vart det loddsal der gevinstane var bordpynten, påskeplantar til heimen.
13. april
Etter velkomst vart møtet opna med ord for dagen ved Hilde Valbø.
Jon Slyngstad viste bilder og fortalde frå: "Dei landfaste Nordøyane". Omfattande og interessant info om stader, historie og om bedrifter og ikkje minst om spanande kystnatur. Det skal vi få sjå nærare på når vi legg ut på tur til dei nordre Nordøyane, Fjørtofta, Harøya og Finnøya 17. juni.
Det var frisk song ved Seniorkoret etter matøkta. Ein heil gruppe av tidlegare medlemar i Ørskogkoret stilte opp på kort varsel og bidro med gamle takter med Ola Rotnes som dirigent og pianist.
4. mai
Vi får besøk av tidlegare journalist og lærar, forfattar Svein Linge. Han har skrive fleire bøker om heltar frå krigen, mellom anna “Kaptein Linge”. Torsdag 4. mai får vi besøk av Svein Linge og Espen Hellandsvik. Svein Linge er bonde på Linge, journalist, redaktør, lærar og infirmasjonssjef på Det Norske Teateret. Som pensjonist har han forska i krigshistoria og skreve bøker. Ei bok om Martin Linge, kompani Linge, som fall under måløyraidet og ei bok om den ukjente Rubin Langmo som truleg var vår fremste krigshelt. Svein sitt foredrag vil handle om desse personane. Han vil også ta for seg hendingar 9. april 1940. Kva skjedd i Oslo, på Åndalsnes og ellers i Møre og Romsdal. Andre verdskrig på Sunnmøre vert også tema.
Med dagens krig i Ukraina opplever vi at vår krigshistorie kjem nærare. I TV-serien kompani Laurtzen ser vi at enkeltmennesket kan greie det utrulige. Vi ser også kampen om sanninga, det er ikkje noko nytt. Med dette som bakteppe blir det spanande å høyre Svein Linge. Etter kveldsmaten kan vi roe ned og høyre sang og gitarspel av Espen Hellandsvik - med Vamp repertoar. Vi gler oss!
Innlegg ved tidlegare rådmann i Stordal, Lars Joranger blir det også tid til.
Møtet er ope for alle.
Frå og med dette møtet blir det sett fram ei forslagskasse der deltakarane kan kome med forslag og innspel til program og anna dei måtte ha på hjartet.
1. juni
Møtet blir på Vaksvik grendahus.
Vi inviterer til potetball-middag kl. 17.00. Påmelding til Grethe Leikny Gjerde 41417815 og til Randi Holmen Vestre 95236009. Pris kr. 200 for medlemar og kr. 250 for andre. Gratis skyss med buss frå Ørskog kulturhus til Vaksvik. Oppmøte kl. 16.30.
Ope møte med kaffi og kaker frå kl. 18.00 utan påmelding. Inngangspris kr. 100.
Ein lokal fortel om barn- og ungdomstid i Vaksvik krins si historie.
Musikk/trekkspel ved den kjende møremusikaren, Knut Ivar Bøe, som høveleg nok bur i Vaksvika. Ola Rotnes speler til allsong.
17. juni
Det blir busstur til Nordøyane med ferdalos Jon Slyngstad. Det blir fokus på Fjørtofta, Harøya og Finnøya. Vi har allereie tinga finever!