Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Datastove Sunnfjord. Nytt datakurs

Biletet er frå kurset vårt i mars i år. Her er kursdeltakarar og veiledarar i "fullt arbeid"

Førde Pensjonistlag og Seniornett Førde startar opp nytt datakurs 23. oktober 2023. Kurset er på 12 timar fordelt på 4 dagar; 23.10, 30.10. 06.11 og 13.11.

Her kan du melde deg på eit grunnleggande kurs der du kan lære deg å bruke smarttelefon, nettbrett og pc. Formålet med Datastove Sunnfjord er at du som senior, og ikkje er trygg på den nye digitale kvardagen skal bli trygg på å bruke smart-telefon, nettbrett og pc. Her kan du lære deg å finne ut korleis helsenorge:no fungerer på smart-telefon og nettbrett. Du vil lære enkle måtar og kommunisere på og kva det vil seie å vere ein digital borgar i dag.

Kursa våre er på 12 timar og går over 4 dagar. Det vil bli pausar og høve til å bli kjend med andre som også ønskjer å lære meir om data.

Kursavgifta er på 200 kroner og det er ingen medlemskontingent.

Dersom du er interessert kan du ta kontakt med Bjørg Ladehaug, telefon 900 90 760 eller e-post: ladehaug.bjorg@gmail.com for nærare opplysningar eller påmelding. Kursa våre vil vere på inntil 8 deltakarar. Ved full påmelding vil vi sette opp ventelister til nye kurs.

Kurset vil bli annonsert i Firda seinare.