Førde Pensjonistlag og Seniornett Førde arrangerer nytt datakurs for deg som har lyst å lære data og som ikkje har denne kunnskapen frå før.
Kurset blir arrangert i Førdehuset, Musikkrommet og startar opp mandag 19. september kl 10 00.
Her kan du få lære deg korleis du brukar pc-en din. Mellom anna til kontakt med kommune og offentlege institusjonar, korleis du lastar ned musikk, aviser, korleis bestille reiser, handsame bilete, laste ned filmar, lydbøker, komme i gang på facebook, nettbank og mykje meir.
På grunn av "1 til 1 undervisning" er tal deltakarar begrensa til maks 8.
Kurset vil halde fram 26.09, 03.10 og 10.10. Alle dagar i tida kl 10 00 - 13 30. Kurset har eigenandel på kr. 200,- pr. deltakar.
Vi har framleis ledige plassar, så har du lyst kan du kontakte
Bjørg Ladehaug tlf. 900 90 760 eller e-post: ladehaug.bjorg@gmail.com
for å høyre nærare om kurset og eventuelt melde deg på. For å delta må du ha eigen pc.