Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Seniormøte med årsmøte 1.02.2024

Ørskog pensjonistforening vart til Ørskog Pensjonistlag

Forsamlingen er klar for kveldsøkt med temamøte, middag og årsmøte

Forsamlingen er klar for kveldsøkt med temamøte, middag og årsmøte

Torsdag 1. februar arrangerte Ørskog pensjonistforening medlemsmøte med tema og påfølgjande årsmøte. Leiar Grethe Leikny Gjerde ønsket alle hjarteleg velkomen til ein innholdsrik kveld.

Vi samla oss om eit minutts stillheit der vi mintes ein av medlemane som hadde gått bort. Dernest opna Karin Vestre med "Ord for dagen" om å dele tankar, i vidaste forstand. Espen Hellandsvik var invitert til å underhalde med song og musikk. Han song fine songar og tekstar med eige gitarakkompagnement.

Tema for denne kvelden var informasjon om Pensjonistforbundets arbeid. Ole Stokke, opprinneleg frå Ørskog, vart ønska velkomen til medlemsmøtet vårt. Han er styremedlem i Pensjonistforbundet Møre og Romsdal og fadder for 10 av dei 54 lokale foreningene, mellom anna for Ørskog.

Han orienterte om arbeidsoppgåvene i fylkesstyret og sentralt. Det er i underkant av 8000 medlemar i Pensjonistforbundet M&R. Styreleiar er Anne Lise Hessen Følsvik. Fylkesstyret arrangerer haustkonferansar rundt om i fylket, og dei arrangerer årsmøte, med representantar frå lokallaga, over 2 dagar, med ein temadag. Ikkje minst har fylkesstyret møter med fylkes- og stortingspolitikarar der dei held fram viktige politiske saker som gjeld pensjonistane, som økonomi og helsetilbod.

Ole Stokke fekk stor takk for mykje god informasjon om visjonar og arbeid i Pensjonistforbundet regionalt og sentralt.

Espen Hellandsvik fann fram att gitaren og spela fleire fine songar før det var dags for middag. Det var på tide, for det dufta så godt frå grytene på kjøkkenet. På menyen sto heimelaga lapskaus med tyttebærsylte og flatbrød. Sidan vart det ein imponerande stor marsipankake som smakte meir enn godt til kaffien.

Ola Rotnes tok hand om allsongen, som er fast innslag på møta. Han hadde leita fram songar som vekka gamle gode minner i forsamlinga og akkompagnerte på det gjeve flygelet.

Fast innslag er og åresalet med utlodning som avslutning på kvelden.

Så var det tid for årsmøtet. Grethe Leikny losa oss gjennom sakene med fart og humør.

Årsmelding og rekneskap vart godkjent, og revisor Ragnar Bakken hadde godord å si om økonomistyringa.

Styret hadde lagt fram forslag til endring av namnet Ørskog pensjonistforening til Ørskog Pensjonistlag. Etter skriftleg votering vart det vedtatt med stort fleirtal å endre namnet til Ørskog Pensjonistlag.

Valkomiteen leia av Pål Viset hadde framlegg til nytt styre klart som ser slik ut etter konstitueringsmøtet:

Nytt styre 2024: Evy Vatne Joranger, leiar Ola Brautehaug, nestleiar Randi Vestre, kasserar Brit Skjelten, sekretær Norvald Sjøholt, styremedlem Jostein Tomren, vara Astrid Hildre, vara

Det vart også valt: 2 revisorar for 1 år: Ragnar Bakken og Helga Rødset (attvalt) 2 personar til valnemnd for 1 år: Grethe Leikny Gjerde og Sigmund Stene

Med dette var vi kommet til endes på en triveleg kveld, og vi starter morgondagen med nytt namn: Ørskog Pensjonistlag med stor P.

  • Og meir mat
  • Og meir mat
  • Og meir mat
  • Og meir mat
  • Og meir mat
  • Og meir mat
  • Og meir mat
Damene i styret poserer med bløtkaken

Damene i styret poserer med bløtkaken