Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Ny leiar i Lindås pensjonistlag

Helge Fjellanger tek over for Kåre Bastesen som har leia laget i 10 år

Ordførar i Alver, Sara H. Sekkingstad, får blomster frå Kåre Bastesen som sjølv vart heidra etter åra som leiar

Lindås pensjonistlag har hatt årsmøte på Westland Hotel, 27. mai 2021. Kåre Bastesen takka av etter ti år som leiar. Og det er Helge Fjellanger som tek over leiarrolla. Med seg i styret får han framleis Steinar Furelid, Svein Haukås, Oddrun Vabø, Arne Aven og Olav M. Steinsland, mens Alf Sætran går ut. Ny vara er Solveig Rebnord Valle, og Håvard Fanebust og Aslaug Veland fortset som varafolk. Det er valt revisorar, tur-, aktivitet- og valnemnd. 58 medlemmer deltok på møtet. Ordførar i Alver, Sara H. Sekkingstad, var med oss i år som i fjor. Matservering før møtet, og Leif Blix & Lars Nygaard underhelt med Dan Andersson etter.