Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

JULEMØTE GLOPPEN HOTELL 12.12.23

Stort frammøte til fint dekka småbord

Julemøte 2023 på Glpppen hotell 12.12.23

Gloppen Pensjonistlag sitt julemøte gjekk av stabelen 12.12.23 på Gloppen Hotell.

Då klokka passerte 17.00, kunne 76 påmelde sesse seg rundt fint dekka småbord.

Kveldens program som vart presentert av leiar Ragnar Andenæs, synte at vi hadde mykje å glede oss til.

Etter at Jakob Sande sin julesang - Det lyser i stille grender tona ut, fekk kveldens hovudtalar/forteljar  Annstein Lothe ordet. 

Han presenterte seg som Gloppar frå Rygg, jaktkammerat, tidligare sjømannsprest, no pensjonist og busett på Ellingsøy.

Han starta som sjømannsprest i 1991, og hadde sin fyrste jobb i sjømannskyrkja i Singapore. Han har utført prestegjerninga mange stader rundt om i verda, blant anna i Montreal i Canada, Antwerpen i Belgia og i Norge.

Han tenestegjorde mange år i Phuket i Thailand, og fortalte levande om menneska og tida der.

Annstein kan kunsten i å fortelje, og det var mange som tykte at tida gjekk så alt for fort.

Mange hadde gleda seg juletallerken, og sjeldan har julemat smaka betre. Stor takk til hotellet for god servering og utsøkt og velsmakande julemat med riskrem.

Neste post på programmet var kulturskulen v/Ann-Margit Silfverhielm og Carl-Henrik Buschmann.

Dei framførte fleire melodiar og sangar, som både var lokalt komponerte og hadde med jula å gjere.

Dei avsutta til stor applaus.

Julelotteriet vart avvikla med stort loddsal der storparten av gevinstane var sposa av Ragnar Andenæs, mange hadde med det sikra seg sukkerøt til julematen.

Leiaren tok ordet til slutt og fortalte kor godt vande/bortskjemde vi er med gode og forteljande brosjyrer og plakater når noko skal formidlast. Slik informasjon gjer seg ikkje sjølv, derfor ville Gloppen Pensjonistlag heidre Atle Nygård med  blomsteropset som takk for arbeidet han legg ned.

Litt før kl 20.00 kunne julemøte 2023 avsluttast ved at alle reiste seg og sang - deilig er jorden. 

Vel heim!

Odd sek.