Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Julemøte 2023 i Kilstraumen for Pensjonistforbundet Austrheim

Årets siste medlemsmøte; her med Karstein Stene som foredragsholder

Julebord i Pensjonistforbundet Kilstraumen 14.12.23.

Torsdag 14. møtte 34 opp til det første julebordet i det nyskipa Pensjonistforbundet i Austrheim. Saman klarte dei å få til ei hyggeleg førjulsstemning rundt borda.

Kvelden starta med den unge entertainaren Andreja som song og spelte gitar. Ho imponerte publikum med sin ledige måte å opptre på.

Karstein Stene kåserte om dans og dansemusikk frå gamledagar, ulike instrument og «nogo attåt,» på danselokalet. Han la inn lydklipp i framføringa si, og publikum kosa seg gjennom kåseriet med tramping av takten. Han kom og innom fenomenet «smalltalk» på dansegolvet når ein prøvde å kome i kontakt med den ukjente dansepartnaren ein bydde opp.

Eit julebord skal også innehalde juleforteljingar. Det sytte nestleiaren Jan Ove Synnevåg for då han leste opp «Ei juleforteljing.»

Julequizen til Ivar Bergsvik gav publikum utfordringar innom mellom anna bibelsoge og lokal historie. Som avslutning las han eit utval av Jon Hjørnevik sine dikt, m.a. «Julebord i enkeltmannsforetaket.»

Stemningen var god rundt borda, og blide festdeltakarar ynskte kvarandre ei god jul til slutt.