Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Dagstur til Nordøyane

Fredag 10. juni hadde Stordal og Liabygda ein fin og opplevelsesrik tur til Nordøyane, Brattvåg og Tomrefjorden.

Altertavla i Haram kyrkje.

Altertavla i Haram kyrkje.

Så var dagen vi har sett fram til komen – 44 personar var klare til dagsturen som turnemnda i Stordal og Liabygda Pensjonistforening hadde bestemt skal gå til Nordøyvegen. Storfjord Turbuss v/sjåfør Bjørn Ove Olsen kjørte oss trygt og behageleg gjennom heile turen. 

Bussen starta frå Valldal kl 09.00 , vidare til Skodje, Engsetdalen, Søvika og Skjeltene. Gunnar Standal frå Haramsøya var guide og hadde mykje interessant å fortelje  Som kjent skal Nordøyvegen binde saman dei fem Nordøyane - frå Lepsøya i sør til Harøya i nord, og til fastlandet. Første nye brua frå Skjeltene til Lepsøya – Lepsøybrua - er 50 m høg, 800 m lang og 41 m seilingshøgde– ei flott bru som vart opna i 2021. Så bar det det vidare gjennom den 3500 m lange undersjøiske tunnelen frå Hestøya til Austnes på Haramsøya – Haramsfjordtunnelen - Denne vart også opna i 2021. På Austnes fekk vi omvisning i den flotte Haram kyrkje som vart bygd i 1838. Her var fleire ting bevart frå den gamle stavkyrkja: altartavla frå 1670 i barokkstil, altarbordet og preikestolen i renessansestil, det broderte altarteppet og den nederlandske kyrkjeklokka frå 1484.    Spesielt beundra vi den flott utskorne altartavla med sitt rike biletprogram. På toppen står monogrammet til kong Christian 5, på eit skjold som vart halde av to løver, truleg henta frå det norske riksvåpenet..  Innvendige veggar og tak var rosemala i klare fine fargar. Ei flott kyrkje som var verdt besøket. 

Langs turen mot Longva fekk vi bl.a. sjå og fortalt om desse mykje omsnakka turbinane oppe på Haramsøyfjellet. Pga lite vind denne dagen var det nesten ikkje bevegelse i dei.  

På Gunnabuda vart vi ønska velkomne. Her fekk vi servert kaffi , nydeleg marsipankake og Kvæfjordkake (eller Verdensbeste som den også kalles)    Før vi sette oss i bussen igjen, nytte vi det fine området , rusla litt rundt, tok bilder, gjekk ned til sjøkanten, nokre fann fine fjøresteinar også, .. Spesielt den nybygde badstua var det mange som beundra. Trur nok mange kunne tenkje seg å prøve den – men den var nok låst………

Så gjekk turen vidare til Skuløya/Flemsøya, og tilbake til Haramsøya. Underveis fortalde Gunnar Standal bl.a. om «Grettes saga» – ei handling som foregjekk i ca. År 800 – 1050. Han viste oss Arnfinngarden der det i 1968 vart funne ca 1 kg gull (smykker) – såkalla Haramsskatten. Det skulle nedsetjast ein septiktank på garden der, då dei kom over dette funnet- det rikaste gullfunnet sidan jernalderen. Turen gjekk vidare til Brattvåg der vi fekk servert god kjøttkakemiddag - Mette og fornøgde vart vi nok ein gong. Frå Brattvåg kjørte vi om Vestrefjorden, Rekdal, Fiksdal og Tomrefjorden.

No var vi på heimveg – trudde vi. …. Men til vår store overraskelse svinga bussen av hovudvegen i Tomrefjorden og stoppa ved eit bustadhus som for dei aller fleste av oss var ukjent.  Her stod fam Sivert Petter Dyrkorn (utflytta Dyrkornbygdar) og tok imot oss. Her var stoler og bord utplassert i hagen, is og brus i flotte stettaglass vart servert, sola titta fram, praten gjekk og vi kosa oss. Sivert Petter fortalte litt om deira allsidige arbeid, bl.a er han leiar for eit stort rekneskapsfirma, dei driv begravelsesbyrå, blomster- og garnbutikk mm . Tusen takk til fam Dyrkorn for deira store gjestfriheit.    Det var ein overraskelse og veldig fin avslutning på turen.

Vi kom til Stordal ca kl. 20.00 - Alle gav uttrykk for at turen var vellukka, god guiding av Standal, god og behageleg busstur og veret var upåklageleg, Å få oppleve dette opne landskapet, øyer, fjorden og havet som låg der så blank og fin, er nok til stor glede for oss som kjem frå indre strøk og er vant med litt høgare fjell rundt oss, sjølv om høge fjelltoppar også har sin sjarm.

Leiar i pensjonistforeninga, Ann Elise Dyrkorn, takka for turen og ønska alle ein god sommar                  

NVB sekretær