Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Årsmøte Lesjaskog pensjonistlag

Årsmøtet for 2023 vart halde på Bjorliheimen tysdag 30. januar 2024. 30 medlemer møtte og behandla vanlege årsmøtesaker. Det var ingen særskilt innkomne saker.

Møtelyden samla.

Møtelyden samla.

Etter gjennomgang av dagsorden og konstituering gjekk leiaren, Torunn Enstad, igjennom den fyldige årsmeldinga. Styret hadde hatt 6 møte i 2023 og behandla mange viktige saker. Det var mellom anna ansvar for aktivitetar på Frivilligsentralen avdeling Lesjaskog, og om hausten samla ansvar i leiarens fråvær. Der driv vi songgruppe, tur-/trimgruppe og bowlinggruppe om ein annan, med påfølgjande kaffe- og vaffel-sal.

Laget arrangerte ope politisk møte i samband med kommunevalkampen med fokus på eldrepolitikk, der alle ordførarkandidatane møtte. Over 60 frammøtte deltok med viktige spørsmål og gode innspel til korleis kommunen bør organisere og følgje opp eldrepolitikken.

På dei ordinære, opne medlemsmøta har det vore tema om demens, besøk av pensjonist­song­gruppe frå Åndalsnes, film om fjelloppsynsmannen Olaf Heitkøtter, info om og øvingar i rosen-metoden og informasjon om lokalavisa Vigga. Ein tur var til Uppistugu Hågåsetre på Dalsida, med servering og historie om seterlivet, og den avsluttande julesamlinga var i år på Toftemo, tilnærma gratis for medlemene. På dei fleste møta er det allsong, åresal og kviss.

Ved val til nytt eldreråd for Lesja kommune stilte laget med kandidatar og to vart valde inn: Asbjørn Espeseth og Grete Marry Brøste, med Aud Einbu som vara. Ved konstitueringa vart Asbjørn leiar, og frå nå blir det informasjon frå Eldrerådet på kvart medlemsmøte.

Det sosiale er viktig i pensjonistlaget. På dei månadlege møta, som er opne for alle, kjem vanlegvis tre av fire medlemer. I sommar vart det arrangert kaffeturar i nærområdet, eit populært tiltak som vil bli vidareført.  Turkomiteen organiserte dagstur med buss til Bortistu i Storlidalen i Oppdal med kaffepausar undervegs og flott middag. Her var det  deltaking òg frå laget på Lesja.

Valkomiteen hadde gjort jobben sin: stort sett attval på dei aller fleste med akklamasjon, men leiaren, Torunn Enstad, hadde bede om avløysing. Som ny leiar vart Aud Einbu klappa inn.

Avslutningsvis vart tre tillitspersonar bede fram for å få Pensjonistforbundets heidersmerke: Bjørg Einbu for mange år i fleire verv, sist administrasjon av åresalet, og så Jorunn Krokrud og Sigmund Kolstad for arbeidet i turkomiteen.

Leiar Turunn Enstad opnar møtet, og kasserar Grete Marry Brøste styrer dokumentframvisinga.

Leiar Turunn Enstad opnar møtet, og kasserar Grete Marry Brøste styrer dokumentframvisinga.

Den nyvalde leiaren, Auf Einbu (til venstre) takkar avtropande Torunn Enstad for innsatsen over maneg år.

Den nyvalde leiaren, Auf Einbu (til venstre) takkar avtropande Torunn Enstad for innsatsen over maneg år.

Frå venstre Bjørg Einbu, Auf Einbu, Torunn Enstad, Jorunn Krokrud og Sigmund Kolstad.

Frå venstre Bjørg Einbu, Auf Einbu, Torunn Enstad, Jorunn Krokrud og Sigmund Kolstad.