Bjarte Erdal vil fortelle om då han sat skorfast i Sandfjellet under ein jakttur saman med far sin i 1963. Richard Andersen var redningsmannen som kom seg ned på fjellhylla og fekk dei velberga derifrå.
I tillegg til denne dramatiske historia får vi besøk av Norene Grytten Kjøsnes som vil synge for oss, og Odd Skrede som vil dele sine tankar om tidsaktuelle hendingar. Servering av kaffi og noko å bite i. Rønnaug Bolset spelar til allsongen.
Billett kr. 50,- inkl. servering(Vipps eller kontantar)
Velkommen!