Sommartreffet 2019

Sogndal hotell 25.06.2019

18  personar frå Askvoll pensjonistlag var med på sommarteffet. Vi hadde ein fin tur med minibuss.  Sogndal hotell hadde god plass til alle frammøte, ca 250 personar frå heile fylket. Treffet starta med servering av middagsrett, som smakte godt. "Kunsten i nasjonsbyggingens tjeneste- 200 årsjubileet for de første kunstnerreisene til Sogn" var ved Pål Sagen, som er eigar av Norsk kultursenter på Koppang i Østerdalen. Han tok utgangspunkt i kunst som han har samle på kultursenteret, og formidla korleis ulike kunstnarar framstilte Norge på reisene mot Vestlandet.  Etter kaffipause var det konsert med gruppa Folk flest; ca 1 time med flott musikk. Turen tilbake til Askvoll gjekk fint, så vi kunne vere nøgde etter ein innhaldsrik dag.

0 resultater