Haustfest 25.09.19

på Askvoll sjøbuer

37 personar var med på Haustfesten.  Vi starta festen med å synge Vandringsvise av Einar Skjæraasen før vi fekk ord for dagen ved Ragnhild Stang.  Solveig Sølvberg orienterte frå Haustkonferansen på Skei 23. og 24. september, der 3 personar frå styret i Askvoll pensjonistlag var med. Tema for konferansen var Leve heile livet som er namnet på ei helsereform som er i planleggingsfasen.  Det kom også fram på konferansen at det framleis er usikkert korleis det går med samanslåinga av 2 fylke til pensjonistforbundet Vestland.

Hovudinnslaget på festen var kåseri/foredrag ved Henning Rivedal.  Han fortalde interessant og levande om ein spesiell dag i Rivedal  i 50 åra; ein dag der bygdefolket var samla for sjå  den islandske presidenten med fylgje som skulle komme forbi i båt på veg til Holmedal. Utanom all planlegging kom heile fylgjet  i land, og  mange kreative innslag resulterte i at staden for minnesmerke over Ingolf Arnarson blei utpeika. 

Middagen som bestod av sosekjøt smakte godt.  Før desserten fekk vi eit fint og humoristisk innslag ved Jakob Øyren og Bjarne Haugen.  Elles bidrog Jakob Øyren  med musikk til allsong, dans og underhaldning.

Nytt lydanlegg var på plass til denne samlinga, og fungerte godt.

Festen blei avslutta ca 18.45.

0 resultater