Pensjonisttreff 

på Askvoll sjøbuer  21. august 2019

Programmet på dette treffet var foredrag v/ Arild Marøy Hansen om skipsleia som historiefortellar.

Ord for dagen var ved Kari Fismen, som også ynskte velkommen. 

40 personar møtte og fekk med seg eit interessant foredrag.  AMH har vore tilsett ved Sjøfartsmuseet i Bergen og fortalde om funn langs kysten. Vi fekk eit innblikk i korleis ein ved hjelp av kunnskap og forsking kan få auka forståing for vår eiga historie.  Frå medbrakt "rotekasse" fekk vi sjå og kjenne på gjenstandar av ulikt materiale.  

Smørbrød og kaffi smakte godt.  Allsong var som alltid ein del av møtet. Elles var vi godt nøgde med at høgtalaranlegget fungerte tilfredsstillande, noko som også er eit mål for kommande treff.

 

 

 

0 resultater