Stryn og Hornindal Pensjonistlag

Leiarskifte i pensjonistlaget

Etter sju år som styremedlem i pensjonistlaget, dei tre siste som leiar, overlèt Harald Ekroll sjefsvervet til Frode Bakken.

Stas med besøk av Hjetland

Helga Hjetland frå Pensjonistforbundet snakka om ei rekkje viktige saker då ho besøkte årsmøtet til Stryn og Hornindal pensjonistlag sist månad.



Pensjonistlaget sin haustfest samla fullt hus

Det var fullt hus då Stryn og Hornindal pensjonistlag arrangerte haustfest på Smak onsdag 31.oktober

«Dei har gjort Olden og Stryn til ein betre stad å bu»

Nokre menneske engasjerer seg så det merkast i kring dei. Ekteparet Johanna og Gunnar Nygjerd i Olden er slike menneske.



Kalender

21.juni 2019

Sommartur -19

Sommartur

Stryn og Hornindal Pensjonistlag

21. - 24. juni 2019

 

Vi startar frå Vikane, Olden, Loen, Stryn, Langeset og Kjøs med buss frå Stryn Idrettslag,

fredag 21. juni kl 10.00.

 

Første stopp: Det nyleg opna vikingmuseet «Sagastad» på Nordfjordeid.

Omvising, info og film.

 

Buss til Kalvåg / Knutholmen

Her hos familien Fosse skal vi storkose oss i 2 døgn:

 

3 retters middag fredag 21. juni

2 retters varmlunsj laurdag 22. juni

Havets Festbord laurdag kveld 22. juni

Sjølvsagt inkludert frukost laurdag og søndag.

 

Aktivitetar laurdag 22. juni:

BUAVANDRING

Vi møtest i Gamlebutikken for ei historisk vandring gjennom 5000 år i Kalvåg. Vi ruslar gjennom bygda, rundt vågen og legg inn eit besøk hos Vamråk Sildesalteri som no er museum. Vandringa blir avslutta med ein sildedram på Gamlebutikken.

Varmlunsj, 2 rettar

EIGENTID

APPERITIFF I GALLERI FRØYA. Galleri Frøya er bygd opp av Karin Flatøy Svarstad som har skiftande utstillingar med kjende kunstnarar gjennom året. Vi møter opp i Galleriet, får servert musserande vin, frukt og snacks. Orientering om galleriet samt mingling mellom dei ulike kunsttypane. Galleriet har og eige utsal av kunst og handverk.

 

VI MØTEST TIL EIT STORT OG VELKJENT – HAVETS FESTBORD

 

SØNDAG 23. JUNI – KINNASPELET

Vi blir henta på Knutholmen med båt til øya Kinn.

 

KINNASPELET er langt meir enn teaterframsyninga «Songen ved det store djup».

Bli med på historisk vandring, familieaktivitetar, kunstutstillingar og konsert. Det å berre vere i den mektige naturen på Kinn er ei oppleving i seg sjølv. Her kan du senke skuldrane, treffe folk og kose deg med mat og hyggeleg prat.

 

OG EIN UFORGLØYMELEG KONSERT MED SIGRID MOLDESTAD !!!

 

Båt med retur til FLORØ.

 

Jonsokkvelden feirar vi i Florø på Choice Hotel med middag og frukost.

Bussen hentar oss i Florø med retur heim etter ein fantastisk

SOMMARTUR 2019!

 

Sted

Tidspunkt

Påmelding

Mer informasjon

Kontakt foreningen

Styret

Leder Frode Bakken
strynaktiv@gmail.com
Nestleder Eivind Skjerven
eiv.skjerven@gmail.com
Kasserer Lars Tisthamar
latisth@online.no
Sekretær Asbjørn Lunde
asbjlun@online.no
Dataansvarlig Lars Tisthamar
latisth@online.no
Dataansvarlig Asbjørn Lunde
asbjlun@online.no

Kontaktinformasjon

Telefon 98266150
Adresse Stryn og Hornindal Pensjonistlag
Frode Bakken
Postboks 35
6790 LOEN
Org. nummer 912586669
Bankkontonummer 37952007190
Send en melding til foreningen

Kontakt foreningen

Lukk
Send meldingen

0 resultater