Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Kulturtreff i Askvoll pensjonistlag

Askvoll sjøbuer 6. oktober

Vilnes kyrkje

Vilnes kyrkje

Askvoll pensjonistlag hadde besøk Mette og Vegar Vårdal frå Vågå, som bidrog med foredrag og musikk. Vegar Vårdal blei utnemnd til årets folkemusikar i 2020, og Mette Vårdal har tatt doktorgrad innan emne husmenn, bønder og embetsfolk. Bakgrunnen for besøket var ein innvilga søknad om statsforvaltningsmidlar. 39 personar møtte til arrangementet, og alle fekk del i ei fin kulturoppleving. Mette Vårdal formidla stoffet på ein interessant og lærerik måte med enkle illustrasjonar. Vegar Vårdal hadde med 3 feler og tok tilhørarane med på ei flott musikalsk reise. Vi fekk også høyre litt om bakgrunnen hans, med slektsrøter frå Vårdal.

Matøkt med påsmurde skiver, kringle og kaffe.

Treffet starta på tradisjonell måte; ord for dagen var ved Kari Fismen og allsong var Morgon på kobbeskjæret.

Alt i alt ein flott kulturettermiddag.