Kontakt oss

22 34 87 70

pf@pensjonistforbundet.no
Økonomitelefonen

22 42 73 00

Bekymringstelefonen

94 85 60 04

Smarttelefonen

22 600 700

Besøksadresse

Torggata 15
0181 Oslo

Postadresse

Postboks 6714
St. Olavs Plass
0130 Oslo

Org.nr. 970323910

Årsmøte i Stordal og Liabygda Pensjonistlag

Onsdag 23. februar vart årsmøtet i laget halde i Grendasalen i Stordal.

Steinar Lamo, Else Pedersen og Judit Møller

Steinar Lamo, Else Pedersen og Judit Møller

Onsdag 23. februar vart årsmøtet i laget halde i Grendasalen i Stordal. Etter at møtelyden var ynskt velkomen av leiar Ann Elise Dyrkorn spela Lars Arne og Jostein Frostad opp og Sangen til bygda blei sunge.

Så var det rett på sak med årsmøte og opplesing av årsmelding både for 2020 og 2021 grunna coronaen. Her fekk vi vite at medlemstalet har gått litt ned frå 98 til 92 medlemmar ved siste årsskifte. då har vi alle ein jobb å gjere med å invitere andre pensjonistar til å kome på eit møte. Rekneskapsføraren gjekk gjennom rekneskapen før valnemda kom med si innstilling. Den blei godkjent med applaus, og det nye styret er:

Leiar         Ann Elise Dyrkorn

Kasserar     Torill Sandvik

Styremedlem  Johan Møllerhaug   

    "        Norunn Busengdal

    "        Ottar Røren

Varamedlem  Else Vinje 

    "        Ole Jakob Rødset

Ut av styret gjekk Else Pedersen, Judit Møller og Steinar Lamo som fekk kvar sin blomsterbukett for innsats i laget over fleire år. Då var det tid for kaffipause med dei gode smørbrøda som kjøkkengjengen alltid varta opp med, og i tillegg sidan det var årsmøte både bløtkake og marsipankake. Ikkje å vente anna enn at praten gjekk lett rundt småborda i salen. I tillegg fekk vi ein liten konsert av musikarane frå Tomrefjorden der dei varta opp både med gamle slagerar og fin dansemusikk. På repertoaret fekk vi høyre mellom anna Zansibar, Trønderbrura, Sail along silvery moon og mange fleire til velfortent applaus. Ein allsang etter konserten var Høyt over fjellet, og så vart det åresalg med trekking av mange gevinstar og informasjon frå leiaren. Det gjaldt fylkesårsmøtet 8. mars på Rica Parken Hotell og neste medlemsmøte. Her er datoen endå ikkje bestemt men plakatar blir sett opp. Så takka leiaren for frammøtet og vi avslutta med å synge La oss leve for hverandre

SL

Lars Arne og Jostein Frostad

Lars Arne og Jostein Frostad